Hopp til innhald

MGUNA502 Naturfag 3, emne 2 - Vitskapsteori og metode

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

MGUNA502 er del av masterutdanninga i naturfag på GLU 1-7 og GLU 5-10. Kurset går i høstsemesteret 4. studieår. Saman med MGUNA501 og MGUNA503 gjev emnet kompetansegrunnlag for masteroppgåve i naturfag.

Emnet består av fire ulike delar:

  • Vitskapsteori: Eit kurs i vitskapsteori.
  • Etikk: Innføring i forskingsetikk med vekt på problem knytte til skuleforsking.
  • Metodelære: Emnet inneheld ei oversikt over kor­leis ulike problemstillingar krev ulik meto­dar. I denne gjennomgåinga vert det lagt vekt på å få fram kunnskap om kva dei ulike vit­skap­­lege meto­dane har felles og kva som skil dei.
  • Oppgåveseminar: Emnet inneheld eit obli­ga­to­risk seminar der studentane skal leggja fram og delta i drøftinga av eige og andre sine opp­gåve­framlegg. Studentane skal også læra å lesa artik­lar og reflek­tera over korleis tru­ver­­d­et vert skapt i vitskapleg arbeid. Seminaret er med på å danna grunnlag for ein seina­re pro­sjektplan for masteroppgåva.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • Gode kunnskapar om vitskaplege teoriar og me­todar i forsking på undervisning i naturfag
  • Gode kunnskapar om etiske spørsmål knytte til forsking på menneske, særleg barn.
  • Kjennskap til reglar for innsamling av personsensitive data
  • Gode kunnskapar om sentrale diskusjonar og tilnærmingsmåtar i vitskapsfilosofien; vitskaps­historie og viktige paradigmeskifte

Ferdigheiter

Studenten skal

  • Kunna presentera og utvikla metodiske til­nærm­ingar
  • Kunna bruka og velja ulike kvantitative og kva­li­tative analyseverktøy, som til dømes stati­stikk­pro­gramvare, spørjeskjema, tekstanalyse­meto­dar, analyse av lære­bøker, intervju, observasjon, effekt­studiar.
  • Kunna tolka, analysera og vurdera forsking frå natur­fagdidaktisk litteratur ­­, kunna vurdera sterke og svake sider og manglar ved ulike metodiske tilnærmingar, kunna bruka desse ferdigheitene til fram­legging av ei problemstilling.

Generell kompetanse

Studenten skal

  • Kunna vurdera grunnleggjande forskings­etiske problem i naturfagdidaktiske studiar.
  • Kunna utarbeida og grunngje opplegg for eit forskingsprosjekt. 
  • Ha god innsikt i analysemetodar som er rele­van­te for forskingsprosjektet og master­­opp­gåva deira.
  • Forstå og kunna underbyggja hovudtrekka i deira eige prosjekt.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Naturfag 60 sp

Undervisnings- og læringsformer

Ein del av emnet vil verta gjeve som tradisjonelle fore­­lesningar. Ein del vil verta gjeve som arbeid med enkelt­døme og med ulike artiklar. Ein sentralt mål med undervisninga er å øva studentane sitt refleksjonsnivå og uttrykksevne i høve til aktuelle emne slik at dei kan lesa artiklar, reflektera over korleis truverd vert skapt i vitskapleg arbeid og vidare å kunna formidla det. Emnet vil difor også innehalda eit obligatorisk oppgåveseminar der studentane skal leggja fram og delta aktivt i drøftinga av eige og andre sine oppgåveframlegg.  

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Planlegging og utprøving av ein kvantitativ og ein kvalitativ metode som er aktuell i utdanningsforsking.
  • Utkast til prosjektplan for eiga masteroppgåve skal leggast fram på fellesseminar. 
  • Eit arbeid knytt til forskingsetikk. 

Eit av dei obligatoriske arbeidskrava i emnet skal knytast til fagovergripande tema slik dei står skildra i studieprogramplanen

Nærare opplysningar om arbeidskrava vert gjeve ved semesterstart.

Arbeidskrav vert vurdert som godkjent/ikkje godkjent. Godkjende arbeidskrav er gyldig i to påfølgjende semester etter godkjenning.  

Vurderingsform

Del 1: Individuell skriftleg oppgåve, om lag 5-10 sider. Litteraturstudie knytt til eige fagfelt. Eit utval artiklar (nasjonale og internasjonale) som utgjer ei gjennomgåing av sentrale kjelder til eige framtidig masteroppgåveprosjekt. Vekting 30 % av endeleg karakter.

Del 2: Individuell skriftleg heimeeksamen, 10 dagar, om lag 3000 ord +/- 20 %. Vekting 70 % av endeleg karakter.

Nærare opplysningar vert gjeve ved semesterstart.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Begge delane må vere bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen som ikkje er bestått takast opp att åleine.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel