Hopp til innhald

MGUNO502 Norsk 3, emne 2 - Språk og språkdidaktikk

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Dette er eitt av fire masteremne i norsk. Det er plassert om hausten i fjerde året. Emnet er felles for GLU 1-7 og GLU 5-10. For GLU 1-7 er også begynnaropplæring relevant. Lærarutdanningsfaget norsk er eit samansett og mangfaldig språk-, kultur- og litteraturfag og ein praksisarena for kvalifisert arbeid med språk og tekstar - i ulike sjangrar og modalitetar, frå fortid og samtid.

Emnet gir studenten inngåande og avansert kunnskap om språkvitskap, språkdidaktikk og vitskapsteori og metode knytt til språkvitskaplege emne. Studenten får innsikt i nyare forsking om språklege tema, og i korleis denne kunnskapen kan brukast i profesjonsutøvinga.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbyte:

Kunnskapar

Studenten

  • har inngåande innsikt i teori om språkdidaktikk og språkvitskap
  • har avansert kunnskap om språkbruk og språkvariasjon, både talespråk- og skriftspråkvariasjon, i det norske samfunnet
  • har avansert kunnskap om literacy som skriving, lesing og munnlegheit
  • har avansert kunnskap om språk som uttrykk for systemferdigheiter, for retoriske handlingar og for individuell og kollektiv identitet
  • har inngåande kunnskap om andrespråkslæring og -vurdering
  • har inngåande kunnskap om vitskapsteori og metode med relevans for det språkdidaktiske feltet og profesjonsutøvinga av faget.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysere og kritisk vurder døme på nasjonal og internasjonal språkforsking og tilhøyrande forskingstradisjonar, og kan nytte denne kunnskapen i profesjonsutøvinga
  • kan planleggje og gjennomføre undervisning i norsk språk som kan fremje den vitskaplege tenkjemåten og språklege kompetansen til eleven
  • kan tilpasse undervisninga etter alle elevar sine føresetnader og behov, inkludert elevar som har norsk som andrespråk
  • kan utvikle og vurdere læringsressursar i språkundervisninga og gje fagleg grunngjeven undervisning til alle elevar, inkludert elevar som har norsk som andrespråk

Generell kompetanse

Studenten

  • kan vere ein ressurs i faglege samanhengar i spørsmål om språk og språkundervisning
  • kan utdjupe og konkretisere norskfaget sin eigenart som kultur- og danningsfag
  • kan analysere og vurdere relevante faglege og forskingsetiske problemstillingar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Norsk 1 og 2 (60 sp) i syklus 1, eller tilgrensande.

Undervisnings- og læringsformer

Arbeidsformene er varierte. Dei kan vere førelesingar, fagseminar, gruppearbeid i større og mindre grupper, studentframlegg og individuell rettleiing. Arbeidsformene stiller krav om sjølvstendig fordjuping i pensumlitteraturen og aktiv tilnærming til problemstillingane som studentane vert presenterte for. Ein forventar at studentane organiserer kollokviegrupper.

Obligatorisk læringsaktivitet

Studentane skal utføre følgjande arbeidskrav:

  1. gje ein munnleg seminarpresentasjon med bruk av powerpoint eller tilsvarande presentasjonsverkty om eit tildelt språkvitskapleg eller språkdidaktisk tema, dessutan kommentere presentasjonen til ein annan student
  2. skrive eit samandrag av eit forskingsarbeid (til dømes ein artikkel) med språkdidaktisk eller språkvitskapleg tema, og kommentere om og korleis forskingsetikk er ivareteke i den aktuelle artikkelen.

Språk for båe arbeidskrav: norsk. Arbeidskrava skal skrivast på motsett skriftspråk av semesteroppgåva (for arbeidskrav 1 gjeld dette den skriftlege presentasjonen, for arbeidskrav 2 gjeld det heile oppgåva).

Presisering av formelle krav vert delte ut ved semesterstart.

Alle obligatoriske arbeidskrav må vere utførte og godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Studentar som ikkje får godkjent eit obligatorisk arbeidskrav, får eitt (1) nytt leveringsforsøk same semester, innan ein frist sett av faglærar.

Godkjende arbeidskrav er gyldige i det påfølgjande semesteret etter godkjenninga.

Vurderingsform

Semesteroppgåve.

Oppgåva skal vere på 3000 ord (pluss/minus 10 %).

Karakterskala A-F, der F svarer til ikkje stått.

Dersom oppgåva ikkje er stått, er det mogleg å levere forbetra versjon i påfølgjande semester. Det er berre mogleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny semesteroppgåve. Det vert ikkje gjeve tilbod om rettleiing til ny eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel