Hopp til innhald

MGUPE101 Pedagogikk og elevkunnskap, emne 1 - Lærarrolla og elevane si læring og utvikling

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Pedagogikk og elevkunnskap er eit kulturfag som skal gje studentane forståing for læraren og skulen si rolle i samfunnet. Kjerneområda i faget dreiar seg om oppseding, utdanning og danning.

I dette emnet er det didaktiske møtet mellom elev, lærar og lærestoff sentralt. Kandidaten skal få kunnskap om den sosiale, faglege og personlege læringa og utviklinga til elevane, og innsikt i korleis ein legg til rette for gode læringsprosessar hjå elevane. Emnet er det første av fire emne i faget pedagogikk og elevkunnskap, og er lagt til haustsemesteret første studieår. Tema i emnet:

  • Introduksjon til pedagogikk som fag og forskningsfelt
  • Danning, oppseding og utdanning
  • Didaktikk
  • Lærarrolla og klasseleiing  
  • Læring, motivasjon og utvikling

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:

Kunnskaper

Kandidaten

  • har kunnskap om skulen sitt mandat og pedagogisk grunnlagstenking
  • har brei kunnskap om læring, motivasjon og barns utvikling
  • har kunnskap om sentrale didaktiske prinsipp
  • har kunnskap om observasjon som metode
  • har brei kunnskap om grunnleggjande ferdigheiter

Ferdigheter

Kandidaten

  • kan planleggje og gjennomføre systematisk observasjon og analysere data frå observasjon
  • kan bruke fagomgrep og grunngje sine didaktiske val i teori om læring og undervisning
  • kan bruke forskingsbasert kunnskap til å utøve god klasseleiing
  • kan samarbeide om planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning og læring

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan planleggje, gjennomføre og kritisk vurdere eigen og andre si undervising med utgangspunkt i eksisterande rammefaktorar og gjeldande læreplanverk
  • kan bruke observasjon som metode

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Det vil vere varierte undervisningsformer med vekt på studentaktivitet. Gjennom arbeidet med emnet vil det vere ulike øvingar, både munnlege og skriftlege, organisert individuelt eller i grupper. Det er ein føresetnad at studentane arbeider med lærestoffet på eiga hand.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Det er obligatorisk oppmøte i seminar, ulike øvingar og arbeid i grupper. Fråværsgrense er 20%.
  • 2 skriftlege oppgåver
  • 1 munnleg framføring
  • Observasjonsoppgåve

Semesterplanen vil gi nærare retningslinjer for arbeidskrava.

Vurderingsform

Individuell skriftleg skuleeksamen, 6 timar.

Tid og stad for eksamen vert annonsert på Studentweb.

Karakterskala: A-F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel