NAB2028 Lasteteknikk

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Begrep og teknikkar for lasting og lossing av skip. Stabilitet, trim og krenging. Handsaming av last. Relevant regelverk.

Læringsutbytte

Kunnskapar:

  • Kandidaten skal gjennom kurset tileigna seg brei kunnskap kring sentrale problemstillingar, prosessar, verkty og metodar innanfor lasteteknikk, stabilitet, trim, krenging og handsaming av forskjellige typar last.
  • Kandidaten skal kjenne til forsknings- og utveklingsarbeid innanfor fagfeltet.
  • Kandidaten skal tileigna seg brei kunnskap om lasting, føring og lossing av tørre og flytande laster i bulk, farleg last, forureinande last og kornlasting, og kan oppdatere eigen kunnskap innan fagfeltet.
  • Kandidaten har kunnskap om fagets historie, tradisjonar og eigenart. Kandidaten forstår nødvendigheten og viktigheten av å kunne faget.

 

Ferdigheiter :

  • Kandidaten kan anvende fagleg kunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar og utføre omfattande berekningar innan dei tema som handsamast i emnet og kan treffe grunngjevne val.
  • Kandidaten har forståing for lastbehandling, herunder lasting, føring og lossing, av dei ulike typar last som handsamast i løpet av kurset.
  • Kandidaten kan finne, vurdera og visa til litteratur naudsynt for utøving av faget.
  • Kandidaten beherskar relevante verkty, teknikkar og omgrep innan fagfeltet.

 

Generell kompetanse:

  • Kandidaten skal kunne ha teoritisk kompetanse innan lasteoperasjonar for ansvarleg offiser på operativt- og leiingsnivå i samsvar med STCW 78-konvensjonen med 2010 Manila Amendments, tabell A-II/1 og A-II/2.
  • Kandidaten kan planleggja og gjennomføra varierte arbeidsoppgåver og prosjekt innan faget, åleine eller som del av ei gruppe i tråd med retningslinjer og krav.
  • Kandidaten kan formidla sentrale problemstillingar og løysingar både skrifteleg og munnleg og kunne bidra til utvekling av god praksis.

Krav til forkunnskapar

NAB1001 Fysikk

NAB1030 Grunnleggande matematikk

Tilrådde forkunnskapar

NAB2022 Skipsteknikk

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, rekneverkstad, innleveringsoppgåve (når nytta) og simulatorøvingar.

Arbeidskrav

Arbeidskrav som må være oppfylte for å få eksamensrett:

1. 100% obligatorisk oppmøte på simulatorøvingar.

2. Som hovudregel må studenten bestå minst 2 av 3 avhaldne passeringstestar bedømt til "Godkjend"/"Passed".

3. Studenten kan av faglærar bli pålagd å levera ei oppgåve kor oppgåvas tema blir definert av faglærar. Faglærar vil opplyse om innleveringsoppgåve ved semesterstart. Nyttast innleveringsoppgåve må studenten bestå minst 1 av 2 passeringstestar, som saman med innleveringsoppgåva må bedømast til "Godkjend"/"Passed" for å få eksamensrett.

Vurderingsform

Lasteteknikk Skrifteleg eksamen, 5 timar

Vekt 100/100 

Karakterskala A-F

Hjelpemiddel ved eksamen

Godkjend kalkulator er: Casio fx-991EX

Information booklet Loading techniques

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • NAB2060 (1) - Lasteteknikk - 2 - Reduksjon: 4 studiepoeng
  • NAB2059 (1) - Lasteteknikk - 1 - Reduksjon: 1,5 studiepoeng