NAB3040 Maritim Helse, Miljø og Sikkerheit

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Emnet skal gje studentane ei innføring i ulike aspekt ved helse, miljø og sikkerheit (HMS) om bord og i reiarlaga, irekna å forstå korleis arbeidet med HMS er eit organisatorisk verkemiddel for forsvarleg drift av fartøy. Emnet dekkjer tema som arbeidsmiljø, ytre miljø, sikkerheit- og beredskapsleiing og metodar for risikoanalyse.    

Læringsutbytte

Kunnskap:

Studenten:

- Har brei kunnskap om risikofaktorar knytt til helse, miljø og sikkerheit om bord i fartøy.

- Har brei kunnskap om teoriar og modellar knytt til sikkerheits- og beredskapsleiing.

- Har brei kunnskap om metodar for risikoanalyse.

- Kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagområdet HMS.

- Kan oppdatera fagkunnskapen sin innanfor HMS.

Ferdigheter:

Studenten:

- Kan nytta fagleg kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid på praktiske problemstillingar relatert til HMS.

- Kan planleggja og gjennomføra ulike former for risikoanalyse.

- Kan finna, vurdera og visa til relevant informasjon og fagstoff.

- Kan reflektera rundt eiga fagleg utøving i eit HMS-perspektiv.

Kompetanse:

Studenten:

- Har innsikt i relevante faglege og etiske problemstillingar knytt til HMS-arbeid.

- Kan formidla sentralt fagstoff som teoriar og problemstillingar.

- Kan planleggja og gjennomføra arbeidsoperasjonar der omsynet til HMS er vurdert. 

- Kan bidra til utvikling av god HMS-praksis i reiarlaga.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og gruppearbeid.

Arbeidskrav

Ein skriftleg innlevering med munnleg presentasjon.

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 5 timar.

Eksamen kan gjennomførast digitalt.

Karakterskala A-F.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • NAB2013 (1) - Sikkerhetsledelse - Reduksjon: 5 studiepoeng