OSPES8001 Spesialpedagogikk A: Problemåtferd

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

I dette emnet vil studenten få innsikt i forhold som påverkar problemåtferd, sosiale - og emosjonelle vanskar og korleis barnehage og skule kan arbeide for å førebygge og avhjelpe slike vanskar. Det vil bli tatt utgangspunkt i ein systemisk tilnærming til emneområdet som også inkluderer individperspektivet. Studenten får kompetanse som er relevant i arbeid med tilpassa opplæring og spesialpedagogiske tiltak. Emnet vil ta for seg det viktige ved å fremje eit godt psykososialt læringsmiljø, der det einskilde barn kan oppleve tryggleik og sosial tilhøyring. Studenten får innsikt i yrkesetiske problemstillingar knytt til arbeid med problemåtferd i barnehage og skule.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten:

  • Har kunnskap om ulike forskingsbaserte program for å møte problemåtferd og mobbing
  • Har kunnskap om sosiale - og emosjonelle vanskar
  • Har kunnskap om barnehagen og skolen som system og støttesystemet rundt desse
  • Har kunnskap om leiing, relasjonar kommunikasjon og samarbeid med foresatte og ulike samarbeidsinstanser.
  • Har kunnskap om omsorgssvikt og barn i sorg og krise

Ferdigheiter

Studenten:

  • Kan anvende fagleg kunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar og ta grunngitte val
  • Kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff, og framstille dette slik at det belyser ein problemstilling
  • Kan gi råd og rettleiing til kollegaer og føresette

Generell kompetanse

Studenten:

  • Har innsikt i fag- og yrkesetiske problemstillingar i høve til arbeid med problemåtferd i barnehage og skole på individ og systemnivå
  • Kan utveksle synspunkt og røynsle på bakgrunn av kunnskap om problemåtferd og slik medverke til utvikling av god praksis
  • Kan ta fagleg ansvar for planlegging, gjennomføring og vurdering av spesialpedagogiske opplegg
  • Forstår samanhengar mellom relevant forsking og muligheiter  i pedagogisk praksis

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

-

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, individuelt arbeid, gruppearbeid, drøfting 

Arbeidskrav

  • Obligatoriske deltaking på samlingar. 
  • Sjølvvalt tema innan Sosial kompetanse. Skriftleg gruppeoppgåve, munnleg tilbakemelding.
  • Todelt gruppeoppgåve. Skriftleg tekst med tildelt tema, med munnleg framføring av tema.
  • Seminar, vurdere relevante forskingsartiklar

Vurderingsform

Semesteroppgåve. Karakter: A-F.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel