SA570 Examen facultatum - Humaniorafaglege og samfunnsvitskaplege tenkemåtar
Emneplan for studieåret 2020/2021
På grunn av Covid-19 kan det skje endringar i emneplanar ved HVL studieåret 2020/2021. Endringar i den enkelte emneplanen vert publisert i Studentweb og Canvas, og når det er publisert endringar for eit emne der er det desse som gjeld, og ikkje emneplanen på nettsidene. Døme på endringar kan vere gjennomføring av praksis, eksamenstype, eller om det skal setjast bokstavkarakter eller bestått/ikkje bestått.
Innhald og oppbygging
Emnet gir delvis ei innføring i humaniora og samfunnsvitskapane si historie og delvis ei innføring i fagområda sine karakteristiske tenkemåtar. Pensumet drøftar vitskapsteoretiske spørsmål knytt til fagidentitet, forklaringsproblematikk og aktuelle forskingsetiske problemstillingar.
Læringsutbytte
Etter fullført emne
Kunnskapar
- har studenten kunnskap om sentrale grunnlagsproblem i samfunnsvitskap og humaniora med særleg vekt på historie og sosiologi
- har studenten kunnskap om fagområda si historiske utvikling, kjønnsproblematikk og etiske problemstillingar knytt til vitskap og forsking
Ferdigheiter
- kjenner studenten att forskjellar mellom ulike teoretiske perspektiv og er i stand til å bruke den vitskapsteoretiske kompetansen i seinare studium
- kjenner studenten att og er i stand til å handtere etisk relevante problemstillingar på ein forsvarleg måte
Generell kompetanse
- har studenten eit godt utgangspunkt for vidare studiar av humaniora- og samfunnsvitskaplege disiplinar
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, seminar og sjølvstudium. Det vert gitt tilbod om prøveeksamen med tilbakemelding to gonger.
Arbeidskrav
Ingen
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen (4 timar)
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel