Hopp til innhald

SABP1 Sosialt arbeids praksis 1. studieår

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Emnet gjev ein første innføring i sosialt arbeid i praksis. Studentane skal ta  i bruk kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse frå tidlegare tema i studieåret, og utvikle desse i direkte samhandling med brukarar. Studentane skal øve på å sjå samanhengar mellom teori og praksis, og reflektere over eiga rolle i samhandling med individ/grupper og system.

Studentane skal rette fokus både på eiga yrkesrolle og identitet, og utvikle evna si til kritisk refleksjon over praksis, eigne erfaringar, haldningar og kunnskap. Studentane skal øve opp ferdigheter i kritisk refleksjon og i tema om dei ulike praksisstadane sine arbeidsmetodar.

Emnet vert avslutta med eit refleksjonsseminar med fokus på yrkesroller, kommunikasjon og relasjon. Studentane bruker kunnskap om sosialpolitisk forståing, levekår og livskvalitet for utsette grupper og sette dette i samanheng med gjennomført praksis.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:
Studenten…

  • har kunnskap om ansvars- og arbeidsfordeling i velferdsforvaltninga, tverrprofesjonelt samarbeid og samspelet mellom offentlig, privat og frivillig sektor
  • har kunnskap om kommunikasjon, relasjon, samhandling og rettleiing

Ferdigheiter:
Studenten...

  • kan finne og vise til forskingsbasert, erfaringsbasert og brukarbasert kunnskap i profesjonsutøving
  • kan finne, vurdere og vise til relevant informasjon og fagstoff og framstille dette både munnleg og skriftleg
  • kan reflektere over korleis kunnskap kan brukast på nye område og medverke til nytenking i tenestene
  • kan bruke fagleg kunnskap om relasjon og kommunikasjon i rettleiing, motivasjon og systematisk endringsarbeid
  • kan reflektere over og anvende kunnskap som bidrar til et likeverdig tenestetilbod for alle tenestemottakarar.

Generell kompetanse:
Studenten…

  • kjenner til politiske og administrative avgjerdsprosessar og korleis sosionomar kan medverke til allmenn opplysing og politisk rådgjeving
  • kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar i sosialt arbeid
  • kjenner til etiske problemstillingar og etiske dilemma i yrkesrollen og i møte med menneske
  • kjenner til og kan reflektere kritisk over sin profesjonelle rolle i møte med institusjonelle og politiske krav i tenesteutøvinga
  • kjenner til forhold som medverkar til diskriminering og korleis fremje ikkje-diskriminerande praksis og eit inkluderande samfunn
  • kjenner til betydinga av digital kommunikasjon i profesjonell praksis og samhandling
  • kan utveksle synspunkt kring faget og erfaringar med samarbeidspartnarar og gjennom dette medverke til utvikling av god praksis  

Krav til forkunnskapar

Emnet er berre ope for studentar som er tekne opp på bachelor i sosialt arbeid ved HVL.

  • Greidd eksamen i emna SAB110 Danning og akademisk handverk, sosialt arbeid og SAB120 Sosialt arbeid som fag og profesjon.
  • Eksamensrett i emnet SAB130 Grunnlagskunnskap i sosialt arbeid.

Tilrådde forkunnskapar

Alle føregåande emne

Undervisnings- og læringsformer

På praksisplassen får studenten tildelt rettleiar. Det er studenten som har ansvar for å førebu  rettleiingstimane. Studenten skal reflektere over faglege og etiske problemstillingar. I tillegg vil det være naturlig å nytte rettleiinga til planlegging av arbeidsoppgåver og læringsmål, og oppfølging og evaluering av disse.

I starten av praksisstudiet kan studenten være med rettleiar/andre som observatør, men det vert forventa ein progresjon der studenten etter kvart får eigne arbeidsoppgåver, avhengig av kva moglegheiter som er på praksisplassen.

I praksis skal studenten og arbeide med skriftlege oppgåver knytt til eigne læringsmål. Studenten skal delta på fastsette veker på tildelt praksisplass, førebuingar, undervisning og seminar på campus.

Obligatorisk læringsaktivitet

Ingen

Vurderingsform

Praksisstudiar i 10 veker

Praksis vert vurdert samla etter ei avsluttande vurdering av studenten sin prestasjon i praksisperioden. Inkludert i vurderingsgrunnlaget er praksisrapporten frå praksisrettleiar samt følgjande skriftlege krav:

  • Opplæringsplan
  • Individuell praksisrapport knytt til refleksjon over eiga profesjonelle rolle. Omfang 2500 ord +\- 10 %

For å få greidd praksis, må studenten nå læringsutbyttet og oppfylle krav til 90% frammøte i praksis samt studentaktiv undervising før og etter praksis.

Vurderingsuttrykk

Praksisstudiane vert vurdert til greidd/ikkje greidd

Fråvær over 10 % gjer ikkje greidd praksis.

Ny praksis

Når studenten får praksis vurdert til ikkje greidd, må heile praksisperioden takast på nytt. Studenten må i slike tilfelle gjennomføre ny praksisperiode neste gong denne blir arrangert ordinært.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • BSOP12 - Sosialt arbeids praksis 1. studieår - Reduksjon: 15 studiepoeng
  • SOS5-205 - Praksis og refleksjon i sosialt arbeid - Reduksjon: 15 studiepoeng