SOS5-205 Praksis og refleksjon i sosialt arbeid

Emneplan for studieåret 2020/2021

På grunn av Covid-19 kan det skje endringar i emneplanar ved HVL studieåret 2020/2021. Endringar i den enkelte emneplanen vert publisert i Studentweb og Canvas, og når det er publisert endringar for eit emne der er det desse som gjeld, og ikkje emneplanen på nettsidene. Døme på endringar kan vere gjennomføring av praksis, eksamenstype, eller om det skal setjast bokstavkarakter eller bestått/ikkje bestått.

Innhald og oppbygging

Emnet er to-delt, og inneheld 16 veker klientretta praksis og ein studiespesifikk del med etterfølgjande eksamen. Studentane har praksisførebuingar i forkant av praksis med gjennomgang av ulike tema aktuelle for praksis. Studenten skal i starten av praksisperioden utforme ein læreavtale. Den skriftlege praksisoppgåva tek utgangspunkt i praksisarbeidet, og studenten arbeider med denne gjennom heile praksisperioden. Studenten skal også finne valfritt pensum som skal knyttast til oppgåva. 

Etter avslutta praksis skal studenten ha undervisning i ulike tema der brukerinvolvert refleksjon over yrkesroller, praksis og teori blir vektlagt. Studentane legg fram erfaringar frå praksis under rettleiing av faglærarar. Fokus blir refleksjon knytt til ulike teoretiske perspektiv og studentane sine erfaringar frå praksis. I tillegg vil denne delen av emnet sette fokus på sosialt arbeid, formidling og påverknad. Studentane skal tileigne seg sosialpolitisk forståing og kunnskap om levekår og livskvalitet for utsette grupper og kunne kommunisere om kritikkverdige forhold. Media er ein sterk aktør som formidlar både personlege historier og kritikkverdige forhold i sektoren. I emnet får studentane kjennskap til korleis dei kan bruke medier som ein informasjonskanal og kanal for offentlig debatt.

Under praksisrefleksjonen skal studenten rette fokus på si eiga yrkesrolle og identitet. Studenten skal reflektere kritisk over erfaringar i praksis, eigen kunnskap ein har tileigna seg, samstundes som ein skal vere kritisk til eigen praksis.

Læringsutbytte

Felles læringsutbytte barnevern og sosialt arbeid

Etter gjennomført emne har/kan studenten:

Kunnskap:

  • kunnskap om praksisplassen sitt formål, faglege oppgåver, organisering og sentrale samarbeidspartar
  • kunnskap om sentrale perspektiv, metodar, omgrep og aktuell forsking som er relevante for sin praksis

Ferdigheiter:

  • kan vise evne til å nytte faglege verktøy, metodar og omgrep som er relevant i eit sosialfagleg arbeid, særskilt knytt til sin eigen praksis
  • nytte fagleg kunnskap på relevante problemstillingar knytt til praksis, og gjere greie for sine val på ein fagleg og sakleg måte
  • kan vise evne til refleksjon over eigne haldningar og si eiga fagleg utøving

Generell kompetanse:

  • kunne gje ei munnleg og skriftleg framstilling av faglege problemstillingar og løysingar som knyter teori til praksis
  • skilje mellom personlege og faglege verdiar, og utføre arbeidet på ein etisk forsvarleg måte.
  • arbeide sosialfagleg med brukarar i ulik kontekst
  • arbeide systematisk med fokus på brukarar sine ressursar og val
  • kunne gjere sjølvstendige faglege vurderingar, og grunngi desse i tråd med etiske krav og retningslinjer
  • identifisere, forstå og analysere sosiale problem og iverksette relevante tiltak

Studiespesifikke læringsutbyte

Etter gjennomført emne har/kan kandidaten:

Kunnskap:

  • om korleis sosialpolitikken påverkar råmene for prioriteringar i velferdstenestene og råmevilkår for utøvinga av sosialt arbeid

Ferdigheit:

  • reflektere over eigen fagleg ståstad
  • diskutere media si rolle i det sosialfaglege feltet og ha kjennskap til media som både informasjonskanal og debatt kanal
  • kunne drøfte og ha eit reflektert forhold til digitale informasjonskanalar
  • diskutere sosialpolitiske og sosialfaglege problemstillingar med kritisk blikk
  • formidle fagleg kunnskap i ulike fora
  • utvikle fagleg forståing for utfordringar i yrkesutøvinga

Generell kompetanse:

  • reflektere over ressursar, mulegheiter og utfordringar i møtet med både brukargrupper og ulike aktørar i feltet

Krav til forkunnskapar

Alle emne frå første studieåret må vere greidde. Studenten må ha opparbeidd seg eksamensrett i emnet sosialt arbeid - normalitet og avvik, og i emnet kommunalt barnevern.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesing, seminar, gruppearbeid, skriftleg og munnleg framlegging, individuelt studium og klientretta praksis. Studenten har yrkesretta arbeid på praksisplass, med rettleiing frå praksisfeltet og kontaktlærar.

Arbeidskrav

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere greidd for at studenten kan framstille seg til eksamen:

1: Krav om minimum 80 % deltaking i:

  • førebuing til praksis
  • etterarbeid frå praksis
  • Undervisning, gruppearbeid, ferdigheitstrening og skriftleg oppgåve i praksisrefleksjon

2: Læreavtale med læremål for praksisperioden

3: Sjølvvald pensum, 250 sider

4: Skriftleg praksisoppgåve, 3500 ord +/- 10%

5: Praksisstudier, 16 veker

Vurderingsuttrykk: Praksisstudia blir vurdert som greidd/ikkje greidd

Praksisrettleiar tilrår godkjent / ikkje godkjent. Høgskulen vurderer om obligatorisk læringsaktivitet er godkjent og avgjer endeleg godkjenning/ikkje godkjenning av praksis. Dersom ein ikkje får godkjent læreavtale og skriftleg oppgåve i samband med praksis, så må praksis takast på nytt.

Krav til nærvær på praksisplassen er 90 %. Krav til oppmøte kan ikkje fråvikast på grunn av sjukdom jf Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet. 

  • Dersom ein student har dokumentert gyldig fråvær, legg høgskulen til rette for utsatt praksis innanfor studieåret dersom det er mogleg.
  • Studenten skal vise respekt for normer og reglar i arbeidslivet og opptre i samsvar med desse.

 

 

VURDERING UNDERVEGS - TVIL OM GODKJENNING

Studenten har krav på vurdering undervegs i praksisstudiane, og skal halvveges eller seinast 3 veker før avslutta praksisperiode få skriftleg melding dersom det oppstår tvil om godkjenning.

Om studenten i slutten av praksisperioden viser handling/åtferd som klart ikkje gjev grunnlag for å bestå praksis, kan studenten likevel få vurdering ikkje godkjend sjølv om tidlegare melding om tvil ikkje er gjeve.

Godkjente obligatoriske læringsaktivitetar er gyldig for gjeldande semester.

Gjennomføring av ny praksis:

Det blir ikkje arrangert ny praksisperiode i dette emnet. 

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 4 timar. 

Vurderingsutrykk

A - F der F er ikkje greidd vurdering

Ny eksamen: 

Går føre seg som ordinær eksamen. 

Hjelpemiddel ved eksamen

  • Lovlege hjelpemiddel
    • Lovsamling. Ordliste.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • SABP1 (1) - Sosialt arbeids praksis 1. studieår - Reduksjon: 15 studiepoeng
  • BVP5-206 (1) - Praksis og praksisrefleksjon - Reduksjon: 24 studiepoeng