VPL5-210 Praksisopplæring innan helsefagleg arbeid

Emneplan for studieåret 2020/2021

På grunn av Covid-19 kan det skje endringar i emneplanar ved HVL studieåret 2020/2021. Endringar i den enkelte emneplanen vert publisert i Studentweb og Canvas, og når det er publisert endringar for eit emne der er det desse som gjeld, og ikkje emneplanen på nettsidene. Døme på endringar kan vere gjennomføring av praksis, eksamenstype, eller om det skal setjast bokstavkarakter eller bestått/ikkje bestått.

Innhald og oppbygging

Praksis er ein sentral del av vernepleiarutdanninga. Studentane skal øve seg i å arbeide etter prinsippa i kunnskapsbasert praksis. Kunnskapsbasert praksis (KBP) er å ta faglege avgjerder basert på systematisk innhenta forskingsbasert og erfaringsbasert kunnskap, samt identifisere pasienten sine ynskjer og behov i ein gitt situasjon. I praksisperioden får studenten individuell oppfølging og rettleiing av kontaktperson. Høgskulen har det formelle ansvar for vurdering av praksis. Studenten skal i starten av praksis utforme ein læringsavtale. Studenten skal også utarbeide ei skriftleg oppgåve som tek utgangspunkt i praksisarbeidet, studenten arbeidar med denne gjennom heile praksisperioden.

Læringsutbytte

Etter gjennomført emne skal kandidaten ha:

Kunnskap :

  • om grunnleggjande pleie- og omsorg, samt relevante helsefaglege prosedyrar
  • om praksisplassen sin ideologi, organisering og forvaltning
  • om brukarmedverknad og korleis leggje til rette for medverknad i omsorgs- og forbetringsprosessar
  • om farmakologi og legemiddelhandtering
  • om ulike profesjonar sine bidrag på og i tilknyting til praksisplassen
  • om forbetringsarbeid og forsking på helsefaglege områder.

Ferdigheiter:

  • kan anvende fagleg relevant kunnskap om hygiene, smitte, grunnleggjande pleie- og omsorg, helsefaglege prosedyrar, farmakologi og legemiddelhandtering i praktisk arbeid, samt å kunne grunngje sine val.
  • kan anvende prinsipp om kunnskapsbasert praksis.
  • anvende kunnskap om aktuelle sjukdomar og behandlingsformer for å observere og gje forsvarleg helsehjelp til eldre og sjuke
  • kan reflektere over eiga yrkesutøving i møte med tenestemottakarar og kollegaer; og har evne til å justere seg på bakgrunn av tilbakemeldingar og veiledning.

Generell kompetanse:

  • Kan planlegge og gjennomføre helsefaglege prosedyrar og identifisere, gjennomføre og dokumentere helsehjelp i tråd med faglege krav og etiske retningslinjer
  • Har innsikt i relevante etiske og faglege problemstillingar innan helse- og omsorgsfaglege tema.
  • Kan utveksle synspunkt og erfaringar med brukar, kollega og andre naturlege aktørar i nettverket rundt brukar, og bidra til utvikling av god praksis.

Krav til forkunnskapar

Alle emne frå første studieår må vere greidd for å kunne framstille seg til eksamen.

Studenten må ha opparbeidd seg eksamensrett i VPL5-211 Vernepleiaren som miljøarbeidar og PL5-209 Helsefag, og bestått VPL5-212 Praksisopplæring i miljøarbeid med menneske med utviklingshemming

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesing og seminar. Praksis og oppgåver med tilbod om rettleiing.

Arbeidskrav

Ingen

Vurderingsform

Praksis vert vurdert samla etter ei avsluttande vurdering av studenten sin prestasjon i praksisperioden. Inkludert i vurderingsgrunnlaget er godkjenning frå praksisrettleiar samt følgjande skriftlege krav:  

  • Læreavtale
  • Skriftleg oppgåve +/- 4000 ord

Høgskulen vurderer endeleg godkjenning/ikkje godkjenning av praksis. Dersom ein ikkje får godkjent læreavtale og skriftleg oppgåve i samband med praksis , må emnet takast på nytt.

VURDERING UNDERVEGS - TVIL OM GODKJENNING Studenten har krav på vurdering undervegs i praksisstudiane, og skal halvveges eller seinast 3 veker før avslutta praksisperiode få skriftleg melding dersom det oppstår tvil om godkjenning.

Om studenten i slutten av praksisperioden viser handling/åtferd som klart ikkje gjev grunnlag for å bestå praksis, kan studenten likevel få vurdering ikkje godkjend sjølv om tidlegare melding om tvil ikkje er gjeve.

Det er 9 veker praksis med krav om 90 % frammøte. 

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • VPD5-210 (1) - Praksisopplæring innan helsefagleg arbeid - Reduksjon: 15 studiepoeng