VPL5-212 Praksisopplæring i miljøarbeid med menneske med utviklingshemming

Emneplan for studieåret 2020/2021

På grunn av Covid-19 kan det skje endringar i emneplanar ved HVL studieåret 2020/2021. Endringar i den enkelte emneplanen vert publisert i Studentweb og Canvas, og når det er publisert endringar for eit emne der er det desse som gjeld, og ikkje emneplanen på nettsidene. Døme på endringar kan vere gjennomføring av praksis, eksamenstype, eller om det skal setjast bokstavkarakter eller bestått/ikkje bestått.

Innhald og oppbygging

Praksis er ein sentral del av vernepleiarutdanninga. Studentane skal øve seg i å arbeide etter prinsippa i kunnskapsbasert praksis. Kunnskapsbasert praksis (KBP) er å ta faglege avgjerder basert på systematisk innhenta forskingsbasert og erfaringsbasert kunnskap, samt identifisere pasienten sine ynskjer og behov i en gitt situasjon. I praksisperioden får studenten individuell oppfølging og rettleiing av kontaktperson. Høgskulen har det formelle ansvar for vurdering av praksis. Studenten skal i starten av praksis utforme ein læringsavtale. Studenten skal også utarbeide ei skriftleg oppgåve som tek utgangspunkt i praksisarbeidet, studenten arbeidar med denne gjennom heile praksisperioden.

Læringsutbytte

Etter gjennomført emne kan/har kandidaten

Kunnskap:

  • Kunnskap om systematisk arbeid med å grunngje fagleg oppfølging av tenestemottakarar
  • Kunnskap om rammebetingelsar som påverkar tenesteutøving til menneske med utviklingshemming.
  • Kunnskap om forskings- og utviklingsarbeid innanfor tenester til personar med utviklingshemming

Ferdigheiter:

  • Kan legge til rette for at personar med kognitiv svikt skal oppnå sjølvråderett og personleg vekst
  • Kan planlegge oppfølging som fremjar sosial deltaking og bidreg til tenestemottakarar sine mål
  • Kan samle inn data og informasjon, som saman med teoretisk kunnskap vert relevant for tenestemottakar
  • Kan nytte kunnskap om kommunikasjon, samhandling og aktivitet med menneske med psykisk utviklingshemming, og justera kommunikasjon i tråd med rettleiing

Generell kompetanse:

  • kan formidla fagstoff og hevda eigne vurderingar av faglege problemstillingar både skriftleg og munnleg
  • kan planlegga og gjennomføra oppfølging av ulike sosiale aktivtetar og bevegelse utfrå tenestemottakar sine ønskjer og behov
  • kan yta heilskapleg omsorg på ein sjølvstendig måte, samarbeida med andre yrkesutøvarar og dokumentera eigen praksis

Krav til forkunnskapar

Alle emner frå første studieår må vera greidd. 

Opparbeidd seg eksamensrett i:

* VPL5-211 Vernepleiaren som miljøarbeidar.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen utover spesifikke forkunnskaper

Undervisnings- og læringsformer

Førelesing og seminar. Praksis og oppgåver med rettleiing.

Arbeidskrav

Ingen

Vurderingsform

Praksis vert vurdert samla etter ei avsluttande vurdering av studenten sin prestasjon i praksisperioden. Inkludert i vurderingsgrunnlaget er godkjenning frå praksisrettleiar samt følgjande skriftlege krav:  

  • Læreavtale
  • Skriftleg oppgåve +/- 4000 ord

Høgskulen vurderer endeleg godkjenning/ikkje godkjenning av praksis. Dersom ein ikkje får godkjent læreavtale og skriftleg oppgåve i samband med praksis , må emnet takast på nytt.

VURDERING UNDERVEGS - TVIL OM GODKJENNING Studenten har krav på vurdering undervegs i praksisstudiane, og skal halvveges eller seinast 3 veker før avslutta praksisperiode få skriftleg melding dersom det oppstår tvil om godkjenning.

Om studenten i slutten av praksisperioden viser handling/åtferd som klart ikkje gjev grunnlag for godkjend praksis, kan studenten likevel få vurdering ikkje godkjend sjølv om tidlegare melding om tvil ikkje er gjeve.

Det er 11 veker praksis med krav om 90 % frammøte. 

Det blir ikkje arrangert ny praksisperiode. 

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • VPD5-212 (1) - Praksisopplæring i miljøarbeid med menneske med utviklingshemming - Reduksjon: 15 studiepoeng
  • VPLP100 (1) - Praksis - miljøterapeutisk arbeid - Reduksjon: 15 studiepoeng