Hopp til innhald

15DKVL3 Vitskapleg arbeid og forskingsdesign

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Emnet skal gi avansert og inngåande kunnskap om ulike forskingsmetodar, samt læringsteoriar knytt til pedagogisk bruk av IKT i undervisning og læring. Det vert lagt vekt på arbeid med akademiske tekstar i førebuing til eige forskingsarbeid, der analyse og tolking av kvalitative og kvantitative tekstar og data er tema. Dette skal lede frem til definering av eiga problemstilling og forskingsfelt, og konkretiserast i idéskisse og forskingsskisse. Inngåande kunnskap om eksisterande forsking på valte felt vert og vektlagt. Dette er en del av den teoretiske førebuinga til temaområdet for masterarbeidet.

I emnet vil følgjande tema bli vektlagt:

  1. IKT og læringsteori
  2. Ulike forskingsmetodar
  3. Litteratur review
  4. Identifisere og definere forskingsfelt
  5. Utvikling av forskingsdesign
  6. Forskingsetikk
  7. Lovar og forskrifter for forsking

Læringsutbytte

Emnet skal bidra til at studenten oppnår følgjande læringsutbytte:

Kandidaten:

  • Har avansert og inngåande kunnskap om ulike forskingsmetodar
  • Har kunnskap om analyse av kvalitative tekster i forhold til innhald, retorikk og argumentasjon
  • Har kunnskap om analyse av kvantitative tekstar og data
  • Har kunnskap om eksisterande forsking på valde forskingsfelt

Kandidaten:

  • Kan danne seg ein oversikt over aktuell forsking på feltet
  • Kan utføre litteratur review og analysere relevansen av funn
  • Kan utvikle problemstilling og forskingsspørsmål som er relevante med utgangspunkt i eksisterande forsking og litteratur innan valte felt
  • Kan planlegge bruk av relevante forskingsmetodar
  • Kan analysere og bruke akademiske tekstar i eit forskingsarbeid
  • Kan analysere og bruke kvalitative og kvantitative data i eige forskingsarbeid
  • Kan planlegge forskingsdesign i samarbeid med kollega

Kandidaten:

  • Kan oppdatera eigen forskingskompetanse og rettleia kollega i forskingsarbeid
  • Kan ta ei ledande rolle i planlegging og utvikling av forskingsprosjekt
  • Kan bruke eksisterande forsking og litteratur
  • Kan oppdatere seg på ny forsking innan feltet
  • Kan vurdere argumentasjon i akademiske tekster
  • Kan bruke kvalitative og kvantitative data

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Emnet vil bli lagt opp med samlingar, samt nettmøte, eige arbeid (individuelt/i gruppe) og rettleiing i periodane mellom samlingane.

Utvikling av eige forskingsdesign som grunnlag for å starte arbeidet med masteroppgåva vil vere ein sentral læringsaktivitet.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Oppmøte på samlingane
  • Innleveringar og presentasjonar som er førebuing til samlingane
  • Presentasjonar på nett og på samling. Dette vert spesifisert i semesterplanen
  • Innleveringar. Dette vert spesifisert i semesterplanen

Vurderingsform

  • Mappe med to mappeelement:

    • Litteratur review
    • Forskingsskisse

Bestått/ikkje bestått

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel