BARN200 Avgjerdsprosessar og omsorgsvurderingar i barnevernstenesta

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Dette emnet handlar om arbeid med barn og familiar i den kommunale barnevernstenesta. Studenten skal tileigne seg kunnskap om korleis forvalte Lov om barnevernstenester og korleis vurdere omsorgssituasjonen til eit barn gjennom meldingsavklaring, undersøking og val av hjelpetiltak. Sentrale tema i emnet er barns utvikling, omsorgs- og samspelsvurderingar i eit psykologisk og levekårsperspektiv og arbeid med etnisk mangfald i barnevernet. Emnet omhandlar vidare kunnskap om medverknad og samarbeid med barn, foreldre og andre samarbeidsinstansar, samt tileigne seg ferdigheiter til å snakke med barn i utsette og vanskelege livssituasjonar.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgene totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:
Studenten …

  • har brei kunnskap om rettsreglane for enkeltsaker etter lov om barnevernstenester og dei prinsippa lova byggjer på.
  • har brei kunnskap om overgrep og vald, rus og psykiske vanskar hos foreldre. Både moglige årsaksforhold, uttrykk og konsekvensar for barn..
  • har brei kunnskap om samspel og utviklingsstøttene omsorg.
  • har brei kunnskap om barnevernets samarbeid med barn, foreldre, nettverk, barnehage/skole og andre offentlege tenester.
  • har kunnskap om korleis levekår og fattigdom kan ha konsekvensar for barns oppvekst og utvikling, og om barnevernsarbeid i etnisk og kulturelt mangfald..
  • har kunnskap om ulike hjelpetiltak som bidreg til positiv endring hos barnet eller i familien.
  • har kunnskap om skjønn i barnevernets avgjerdsprosess.
  • har kunnskap om etiske dilemma, og medvit om uheldige maktforhold i arbeid med barnevernssaker..
  • har kunnskap om institusjonelle rammer og politiske føringar for arbeid i barnevernstenesta.
  • har kunnskap om god kvalitet i sakshandsaming inkludert digital kompetanse.

Ferdigheiter:
Studenten…

  • kan anvende forskningskunnskap, erfaringskunnskap og kunnskap fra barn, unge og foreldre som grunnlag for å ta ei avgjerd i tråd med barnets beste..
  • kan arbeide systematisk og målretta med melding, undersøking og hjelpetiltak.
  • kan kommunisere og samarbeide med barn, unge og foresatte på en måte som fremmer individuell og kollektiv medvirkning i barnevernssaker.
  • kan reflektere kritisk over eige arbeid, kan grunngje og dokumentere fagleg skjønn og utforme vedtak etter Lov om barnevernstenester..
  • kan samarbeide med andre instansar om hjelp til barn, unge og deira familiar.
  • kan vise fleirkulturell forståelse og kultursensitivitet i kontakt med barn og deira familiar.

Generell kompetanse:
Studenten…

  • kan bruke kunnskaper og erfaringer i barnevernsfaglig arbeid på en etisk og faglig forsvarlig måte, og formidle faglige vurderinger muntlig og skriftlig.
  • kan bruke kunnskap, ferdigheter og erfaringer til å møte barn, unge og familier i en utsatt livssituasjon med forståelse, empati og anerkjenning.

Krav til forkunnskapar

Alle emne frå 1.semester (BARN100, BARN110 og BARN120) og BARNP1 må vere bestått for å starte 2. studieår.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Studentaktive undervising- og formar for læring vektleggjast. Studentane skal gjennom bruk av skjermførelesningar og dokumentasjonsverktøy få erfaring med skriftleg sakshandsaming. Andre formar for undervisning er førelesningar, møte med brukargrupper og praksisfelt, arbeid i grupper/oppgåveseminar med ferdigheitstrening og rettleiing.

Arbeidskrav

Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  1. 80% deltaking i studentaktiv- og erfaringsbasert undervisning og gruppearbeid knytt til ferdigheitstrening i omsorgsvurdering og dokumentskriving i barnevernssaker og samtaler med barn og unge i utsette livssituasjonar
  2. Skriftleg individuell innlevering av eit vedtaksdokument ved gjeldande mal for slike vedtak i praksisfeltet, innan gitt frist

Studentane kan levere revidert versjon av vedtaksdokumentet ein gong.

Godkjende læringsaktivitetar er gyldig i tre semester

Vurderingsform

Munnleg eksamen, 30 minutt. Studenten trekk ei kasusskildring. Etter gjennomlesing skal studenten gjere ei analyse og grunngje val og avgjerder for eksamenskommisjonen.

Tid og stad for eksamen, sjå Studentweb.

Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A til F, der A til E er bestått karakterar og F er ikkje bestått.

Ny eksamen
Ny eksamen vert gjennomført med same form som ordinær eksamen

Hjelpemiddel ved eksamen

Lovsamling

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • BS5-201 (1) - Kommunalt barnevern - Reduksjon: 7,5 studiepoeng