BARN210 Arbeid med tiltak i barnevernet

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Dette emnet bygger vidare på tema i BARN200, Avgjerdsprosessar og omsorgsvurderingar i barnevernstenesta. Emnet har fokus på dei komplekse faglege og etiske vurderingar barnevernstenesta må gjere ved val av tiltak for et barn og i oppfølginga av tiltaka. Sentrale tema i emnet er vurdering av omsorgsovertaking, arbeid med å fremme sak for fylkesnemnd for barnevern og sosiale sakar og dokumentasjon av plan- og evalueringsarbeid i hjelpe- og omsorgstiltak. Barnevernets ansvar for plasseringar utanfor heimen og ettervern, og tydinga av tverrfagleg samarbeid i dette vil også bli tematisert. 

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:
Studenten...

  • har brei kunnskap om sakshandsaming etter lov om barnevernstenester når det gjelder omsorgsovertaking, flyttingar, val og oppfylging av tiltak, tilbakeføring, adopsjon og ettervern.
  • har kunnskap om barnevernets ansvar for barn som er plassert i fosterheim og institusjon.
  • har kunnskap om barns rettigheiter på  barnevernsinstitusjon.
  • har kunnskap om meistrings- og endringsprosessar for barn og foreldre.
  • har kunnskap om ungdoms overgang til voksen og barnevernets ansvar for ettervern.
  • har kunnskap om god kvalitet i sakshandsaming inkludert digital kompetanse.

Ferdigheiter:
Studenten..

  • kan skrive saksframlegg til fylkesnemnda, inkludert grunngi forslag til omsorgsovertaking av barn og andre avgjersler som vert tatt av fylkesnemnda. 
  • kan utforme journalar og skriftlege planer for barnet, i samarbeid med barnet, familien og andre relevante instansar.
  • kan anvende et fleirfagleg kunnskapsgrunnlag og gjere vurderingar av barnets beste i val og evaluering av tiltak.
  • kan reflektere kritisk over etiske dilemma knytt til omsorgsovertaking.

Generell kompetanse:
Studenten..

  • har brei kunnskap om korleis møte barn og foreldre i en sårbar situasjon på en respektfull måte og legge til rette for medverknad og samarbeid.
  • kan formidle og fagleg bergunne, både skriftleg og munnleg val og avgjerder om å sette i verk tiltak og evaluere desse.

Krav til forkunnskapar

Alle emne frå 1.semester (BARN100, BARN110 og BARN120) og BARNP1 må vere bestått for å starte 2. studieår.

Tilrådde forkunnskapar

BARN200: Avgjerdsprosessar og omsorgsvurderingar i barnevernstenesta.

Undervisnings- og læringsformer

I dette emnet vert studentaktive undervising- og arbeidsformer som bruk av skjermforelesing og arbeid i grupper med rettleiing frå lærer (ferdigheitstrening) vektlagd. Andre undervisings formar er førelesning, seminar, rettleiing og sjølvstudium.

Arbeidskrav

Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  • 80% deltaking i studentaktiv- og erfaringsbasert undervisning, gruppearbeid og ferdigheitstrening knytt til: sakshandsaming etter lov om barnevernstenester når det gjeld omsorgsovertaking, flyttingar, val av tiltak og barnevernstenesta si oppfølging av desse, samt tilbakeføring, adopsjon og ettervern 
  • Læringsmappe sett saman av tre oppgåver
  1. individuell oppgåve der studenten skriv eit saksframlegg til fylkesnemnda. Ei skriftleg tilbakemelding
  2. individuell oppgåve der studenten skriv ein plan for eit barn. Ei skriftleg tilbakemelding
  3. Refleksjonsnotat med skildring av eigen læreprosess. Omfang: 1000 ord +/-10%

Studentane får anledning til å levera inn omarbeidde utkast til læringsmappa ein gong.

Godkjende læringsaktivitetar er gyldig i tre  semester.

Vurderingsform

Individuell heimeeksamen, 5 dagar. Omfang 3000 ord +/- 10%

Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A-F, der A til E er bestått karakter og F er ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • BS5-201 (1) - Kommunalt barnevern - Reduksjon: 7,5 studiepoeng