Hopp til innhald

BARN320 Refleksjon over barnevernets fag og kunnskap

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Emnet handlar om korleis du som barnevernspedagog kan jobbe kunnskapsbasert i barnevernfagleg arbeid. Emnet rettar merksemda mot barnevernets kompleksitet, og har eit særleg fokus på korleis forskingskunnskap, erfaringskunnskap og kunnskap om barn, unge og foreldre kan brukast som grunnlag for barnevernsfagleg arbeid og i møte med barn, unge og familiar. Studentane skal øve seg i å bruke fagleg skjønn, derunder reflektere over maktforhold, etiske problemstillingar og dilemma i barnevernets yrkesfelt. Undervisning om ulike vitskapsfilosofiske posisjonar og metodar for innsamling og analyse av data inngår også i emnet. 

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgene totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:
Studenten…

  • har kunnskap om barnevernets samansette kunnskapsgrunnlag og etiske dilemma i vurdering og forståing av barnets beste.
  • har kunnskap om styrking av fagleg skjønn i barnevernsarbeid.
  • har kunnskap om barnevernets maktposisjon og korleis maktstrukturar kan bidra til avmaktsposisjonar.
  • har kunnskap om grunnleggande forskningsmetodar og forskningsetikk.
  • har kunnskap om forskings- og utviklingsarbeid innan barnevernets arbeidsområde.
  • har kjennskap til ulike kunnskapsteoretiske posisjoner som er relevante i barnevernsfagleg forsking..

Ferdigheiter:
Studenten…

  • kan reflektere kritisk over ulike kunnskapskjelder for å styrke fagleg skjønn i barnevernsfaglig arbeid.
  • kan søke opp, finne, vurdere og bruke forskingslitteratur som kan kaste lys over barnevernfaglege problemstillingar. 

Generell kompetanse:
Studenten…

  • kan reflektere over og grunngje eigen kunnskapsbruk i utøving av barnevernsfagleg skjønn, og formidle dette skriftleg og munnleg.
  • har innsikt i etiske problemstillingar og dilemma på barnevernfeltet og i eigen yrkesutøving.

Krav til forkunnskapar

Alle emne i første studieår og andre studieår må vere bestått for å starte i sjette semester (vår 3. studieår).

Tilrådde forkunnskapar

Ingen.

Undervisnings- og læringsformer

I dette emnet blir det lagt vekt på læringsformer der studenten får ei aktiv rolle i læreprosessen. Det vil bli seminar der studenten får trene seg i å reflektere kritisk over eige fag og yrkesfelt, og artikkelseminar der studenten skal trene på å bruke barnevernrelevant forskingslitteratur i praktisk og vitskapleg arbeid.  

Andre undervisningsformar er førelesning og sjølvsstudium. Digitale læringsformer vert også nytta.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgande obligatoriske læringsaktivitetar  må vere godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:

1. Deltaking i  seminar og gruppearbeid knytt til kritisk refleksjon.  

2. Deltaking i  artikkelseminar.

3. Ei individuell oppgåve knytt til forskingsmetode og vitskapsteori. Oppgåva skal relaterast til arbeidet med bacheloroppgåva. Omfang: 2000 ord (+/- 10%). Oppgåva  må leverast innan ein gitt frist. Ved ikkje-godkjent kan ein levere inn revidert versjon ein gong.

Godkjende obligatoriske læringsaktivitetar er gyldig 3  semester.

Vurderingsform

Heimeeksamen
Individuell heimeeksamen på 3500 ord (+/- 10%), 7 dagar.

Tid og stad for eksamen, sjå Studentweb.

Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterer og F er ikkje bestått

Ny eksamen
Ny eksamen vert gjennomført med same form som ordinær eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel