Hopp til innhald

BARN390 Bacheloroppgåve

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Emnet er ei fagleg fordjuping i eit tema som vert godkjent av høgskulen. Tema skal vere relatert til ei profesjonsrelevant problemstilling innan barnevernpedagogens fagområde. Studentane formar eit prosjekt der problemstillinga skal drøftast i eit teoretisk og praktisk perspektiv og der studenten skal vise analytisk kompetanse og etisk refleksjon. Det er i tillegg ei målsetjing at studenten skal meistre formelle og metodiske krav til eit fagleg arbeid av slikt omfang.

I emnet blir det undervist i oppgåveskriving, litteratursøk og kjeldekritikk og det vert gitt rettleiing individuelt og i gruppe knytt til skriving av oppgåva.

Bacheloroppgaven skrives i tråd med Rettleiar for bacheloroppgåve ved FHS. En veiledningsavtale skal inngås i starten av arbeidet med bacheloroppgaven. Avtalen skal signeres av student og veileder.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgene totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:
Studenten...

  • har brei kunnskap om forsking- og utviklingsarbeid med relevans for barnevernets arbeidsområde.
  • har kjennskap til relevante forskingsdatabasar innan barnevernets arbeidsområde.
  • kjenner til metodiske krav og forskingsetiske retningslinjer i vitskapleg arbeid.

Ferdigheiter:
Studenten...

  • kan utvikle og drøfte ei praksisrelevant problemstilling.
  • kan finne, kritisk vurdere og vise til kjelder slik at desse kastar lys over ei profesjonsrelevant problemstilling.
  • kan reflektere over forskingsetiske problemstillingar i eige prosjekt.

Generell kompetanse:
Studenten...

  • kan planlegge, disponere og gjennomføre skriving av ei akademisk oppgåve med profesjonsfagleg relevans i tråd med akademiske krav og etiske retningsliner.
  • kan analysere, drøfte og formidle profesjonsfagleg relevante problemstillingar på ein kritisk reflektert måte.

Krav til forkunnskapar

Alle tidlegare emne og obligatoriske læringsaktiviteter må vere bestått for å levere bacheloroppgåva.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, lærarstyrt oppgåveseminar og sjølvstudium. Praktisk øving i arbeid med litteratursøk i samband med biblioteket og dokumentasjon av litteratursøk. Oppgåva kan skrivast individuelt eller i gruppe med to studentar, og kvar student/gruppe får tilbod om fire (4) timar rettleiing.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgande obligatorisk læringsaktivitet må vere godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:

1. Godkjent prosjektplan. Omfang inntil 1500 ord

2. Deltaking i oppgåveseminar 

3. Vere opponent på ein annan student si prosjektskisse for bacheloroppgåva i oppgåveseminaret

4. Deltaking i minimum to rettleiingar

Godkjende obligatoriske læringsaktivitetar er gyldig i 3 semester.

Vurderingsform

Oppgåve
Bacheloroppgåva er hovudsakeleg eit individuelt prosjekt og skal maksimalt vere på 8.000 ord. Tittelside, innhaldsliste, samandrag, referanseliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg.

Bacheloroppgåva skal synliggjere i kva grad studenten oppnår læringsutbyte for emnet, og i kva grad studenten nyttar vitskapeleg metode og kan jobbe systematisk med ein fagleg problemstilling.

Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterar og F er ikkje bestått.

Ny eksamen
Ved ikkje bestått (karakter F) leverer studenten omarbeidd, skriftleg besvarelse til ny eksamen i påfølgande semester.

Det er ikke anledning til å forbedre karakter ved å bearbeide en bestått bacheloroppgave. Unntak kan gjøres dersom studenten skriver nye oppgave med ny problemstilling.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle. Det vert køyrt plagiatkontroll.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • BSV5-300 - Bacheloroppgåve - Reduksjon: 15 studiepoeng