BARNP2 Praksis i barnevernsfaglig arbeid

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Emnet gjev studentane høve til å vidareutvikle sin kompetanse i møte med praksisfeltet. Gjennom direkte kontakt med yrkesfeltet og utsette barn og unge og deira familiar, skal studentane ta i bruk kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse frå studiet og inn i praktisk barnevernsfagleg arbeid. Dette skal bidra til at studentane rettar fokus på samanhengen mellom forsking, teori og praktisk barnevernsarbeid. Gjennom observasjon, samhandling, rettleiing og praktisk utprøving skal studentane bli bevisste på si eiga yrkesrolle og identitet som barnevernspedagog. Emnet inneheld også undervisning i etikk.

Emnet er delt i tre:

  1. Praksisførebuing: Ei seminarveke med gjennomgang av ulike tema som er aktuelle for praksis.
  2. 16 veker praksisstudium i statleg eller kommunalt barnevern.
  3. Refleksjonsseminar etter praksis: Seminaret rettar fokus på erfaringar frå praksis knytt til relevante tema som fokus på eiga yrkesrolle og identitet. Det vert vektlagt at studenten skal reflektere over erfaringar frå praksis og øve opp evna til etisk refleksjon, og samtidig vere kritisk til eigen praksis.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgene totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:
Studenten …

  • har kunnskap om ulike praksisplassar si organisering og mandat
  • har kunnskap om sentrale tema, problemstillingar og metodiske tilnærmingar i barnevernsfagleg arbeid
  • har kunnskap og forståing for barns utvikling og oppvekst, om problemskapande samanhengar, uttrykk og konsekvensar i barnevernsfagleg arbeid
  • har brei kunnskap om kommunikasjon, samhandling, konflikthandtering og samarbeid i møte med utsette barn unge og deira familiar
  • har brei kunnskap om korleis forstå og vurdere barns beste, barn og familiar sine rettar, uavhengig av språk og kultur
  • har kjennskap til forsking og utviklingsarbeid med relevans for praksisplassen
  • har kunnskap om etiske problemstillingar og innsikt i kva rolle makt spelar i barnevernsfeltet, korleis fagleg skjønn verkar inn på praksis
  • har kunnskap om tverrfagleg, tverretatleg og tverrprofesjonelt samarbeid, og kva dette har å seie for praksis

Ferdigheiter:
Studenten…

  • kan nytte brukarens erfaringskunnskap, eigne erfaringar og forskingskunnskap for å vurdere barns beste og sikre deira medverknad
  • kan bruke kunnskapsbaserte metodar, teoriar og fagleg skjønn i arbeide med barn, unge og deira familiar
  • Kan anvende lovverk og regelverk som er relevant for praksisplassen
  • kan etablere kontakt, bygge relasjonar og legge til rette for god kommunikasjon og rettleiing til barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar 
  • får erfaring med og kjenner til framgangsmåter til å utrede, undersøke, vurdere og fatte beslutninger i barnevernssaker, og kan legge til rette for hensiktsmessige tiltak
  • kan jobbe førebyggande og helsefremmande på arenaer der barn og unge held til
  • har evne til å ta imot rettleiing og kan reflektere over eiga rolle som barnevernspedagog i møte med barn, unge og familiar
  • kan delta i samarbeidsmøte, få kjennskap til tverrfagleg samarbeid på individ- og systemnivå og tilvise vidare til andre tenester ved behov

Generell kompetanse:
Studenten…

  • kan bruke relevant kunnskap og erfaring til å undersøke, tilretteleggje, gjennomføre, dokumentere, vurdere og evaluere barnevernsfagleg arbeid med utgangspunkt i barnets beste og i tråd med etiske retningslinjer og på ein fagleg forsvarleg måte
  • har innsikt i eiga forforståing, haldningar og verdiar
  • kan vise analytisk, kritisk og reflekterande tilnærming til eige barnevernsfagleg arbeid, yrkesrolle og identitet
  • kan ivareta barn, unge og familiars rettigheiter og sikre likeverdige tenester
  • kan bruke kunnskap, ferdigheiter og erfaringar til å møte utsette barn, unge og deira familiar med forståing, anerkjenning og empati
  • kan gjere sjølvstendige barnevernsfaglege vurderingar og grunngje desse i tråd med etiske krav og retningslinjer, og kunne dokumentere og formidle desse skriftleg og munnleg

Krav til forkunnskapar

Studenten må ha bestått alle emna i første studieår for å starte i fjerde semester.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Emnet startar med ei førebuingsveke og vert avslutta med eit refleksjonsseminar på campus. På desse seminara  vert det nytta studentaktive undervisnings - og arbeidsformer som bruk av gruppearbeid og skriftleg og munnleg framlegging. Andre undervisningsformer er førelesning knytt til praksisførebuing, seminar, sjølvstudium og brukarretta praksis.

På praksisplassen får studenten tildelt rettleiar, og skal ha 1 time rettleiing kvar veke. Det er studenten som har ansvar for å førebu rettleiingstimane. Studenten skal reflektere over faglege og etiske problemstillingar. I tillegg vil det være naturleg å nytte rettleiinga til planlegging av oppgåver og læringsmål i praksis, samt oppfølging og evaluering av desse. 

Studenten skal også arbeide med skriftlege oppgåver knytt til eigne læringsmål. Studenten skal delta på fastsette veker på tildelt praksisplass, førebuingar til praksis, undervisning og seminar på campus.

Arbeidskrav

Ingen

Vurderingsform

Praksisstudiar i 16 veker

Praksis vert vurdert samla etter ei avsluttande vurdering av studenten sin prestasjon i praksisperioden. Inkludert i vurderingsgrunnlaget er praksisrapporten frå praksisrettleiar samt følgjande skriftlege krav:  

  • Læreavtale inkludert eit førebuingsnotat til praksis. Omfang på notatet 800 ord +/- 10%
  • Skriftleg praksisoppgåve med problemstilling knytt til aktuell praksisplass. Omfang 3000 ord +/-     10 %
  • Refleksjonsoppgåve knytt til eiga læring i praksis med utgangspunkt i læreavtalen. Omfang 1000 ord +/- 10 %

Vurderingsutrykk
Praksis er obligatorisk og frammøte mindre enn 90% gjev ikkje greidd praksis. Fråvær utover 10% gjev ikkje greidd praksis.

Ny praksisperiode
Ved ikkje bestått praksis må praksisperioden gjennomførast på nytt ved neste gong denne vert arrangert. For meir informasjon sjå: Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet av 1.8.2019, kapittel 10 

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel