Hopp til innhald

BIDR311 Aktivitetsmedisin

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Emnet Aktivitetsmedisin 2 handlar om korleis fysisk aktivitet og trening kan tilpassast nevrologiske plager, muskel- og skjelettplager, revmatiske sjukdomar, idrettsskader og svangerskap/barsel. Studentane får kunnskap og kompetanse om sjukdomslære, dosering og val av aktivitet og treningsmetode tilpassa dei ulike tilstandane. Det er ein praksisperiode på to veker i emnet som skal gjennomførast ved institusjonar eller organisasjonar som er fagleg relevante for emnet.  

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:  

Kunnskapar 

Studenten

  • har kunnskap om sentrale omgrep innan fagområdet 
  • har brei kunnskap om korleis fysisk aktivitet og trening påverkar ulike diagnosar og aldersrelaterte tilstandar 
  • har kunnskap om forskings- og utviklingsarbeid som ligg til grunn for val av treningsmetodar og dosering av fysisk aktivitet innanfor fagområdet 

 

Ferdigheiter 

Studenten

  • kan anvende fagleg kunnskap og forsking i tilrettelegging av fysisk aktivitet og trening for personar med ulike funksjonsnivå og diagnosar 
  • har ferdigheiter til å gjennomføre og rettleie for ulike funksjonsnivå og diagnosar 
  • kan reflektere over eigen fagleg utøving og justere denne under rettleiing  

 

Generell kompetanse 

Studenten

  • har innsikt og erfaring i korleis tilpasse fysisk aktivitet og trening for personar ulike diagnosar  
  • kan planlegge og gjennomføre førebyggande og behandlande fysisk aktivitet 
  • kan samhandle og formidle sentralt fagstoff med pasientar, brukarar og andre aktørar innan fagområdet

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

IDF101 Treningslære, BIDR210 Fysiologi og treningslære 

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen: 

  • Deltaking i praktiske timar 
  • Oppgåveframlegging 
  • Gjennomført yrkespraksis, praksisrapport og deltaking på praksisseminar knytt til yrkespraksis 

Dei obligatoriske læringsaktivitetane er knytt til læringsutbytta om korleis og kvifor fysisk aktivitet og trening påverkar ulike diagnosar og tilstandar, korleis planlegge og gjennomføre førebyggande og behandlande fysisk aktivitet, samt samhandle med pasientar og brukarar innan fagområdet. 

Vurderingsform

Individuell praktisk eksamen med påfølgande munnleg eksaminasjon (totalt 30 minutt).

Karakterskala: A-F, der F er ikkje greidd. 

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel