FK214 Matematikk forkurs, tresemesterordning

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Aritmetikk og algebra

Mengdelære, likningar og ulikskapar

Generell geometri

Trigonometri

Funksjonar

Grenseverdiar og kontinuitet

Derivasjon

Trigonometriske funksjonar

Eksponential- og logaritmefunksjonar

Vektorar

Integrasjon

Differensiallikningar

Talfølgjer og rekker

Læringsutbytte

Med bestått mappe i emnet skal kandidaten ha følgjande samla læringsutbyte definert i form av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

- Kandidaten har grunnleggjande kunnskap om matematikk som fundament for dagens teknologiske samfunn.

- Kandidaten har kunnskap om matematiske tema som er grunnleggjande for teknologiske fag.

- Kandidaten kjenner til faget sine sentrale metodar og kan definere og forklare dei viktigaste omgrepa i geometri, algebra, funksjonar og differensiallikningar.

- Kandidaten har grunnleggjande kunnskap om bruk av digitale verktøy til utrekningar og visualisering.

Ferdigheiter

- Kandidaten har solide rekneferdigheiter i algebra og det generelle grunnlaget i matematikk til å kunne fortsette på ingeniørutdanning.

- Kandidaten kan løyse problem innanfor hovudområda geometri, algebra og funksjonar.

- Kandidaten kan bruke rekneferdigheiter i matematikk på praktiske problemstillingar og problemstillingar frå fysikk.

- Kandidaten kan uttrykkje seg presist ved bruk av matematisk notasjon.

- Kandidaten kan bruke enkel kalkulator med grafisk display til å utføre utrekningar, løyse likningar og teikne grafar.

Generell kompetanse

- Kandidaten har evne til abstrakt tenking og forståing for korleis logisk og analytisk tankegang blir brukt innan matematikkfaget.

- Kandidaten kan reflektere over mulege bruksområde for dei ulike hovudområda i emnet.

- Kandidaten kan kommunisere med andre om realfaglege problemstillingar ved å nytte matematiske omgrep og storleikar.

Krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse,eller realkompetanse, eller opptakskrav for Y-vegen eller 2-årig fagskule med tekniske fag.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og oppgåveløysing individuelt og i gruppe (til saman ca. 170 timar).

Emnet vert undervist intensivt om sommaren. Eksamen blir før ordinær studiestart. Det blir gitt moglegheit til å ta ny eksamen før oppmeldingsfristen for haustemna går ut.

Då dette emnet er opptakskrav på ingeniørutdanninga, må det vere bestått før ein kan melde seg opp til haustemna på ingeniørutdanninga.

Arbeidskrav

Minst 90% frammøte.

Vurderingsform

Skriftleg eksamen, 5 timar.

Bokstavkarakter A-F.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle skrivne og trykte. Enkel kalkulator.

Meir om hjelpemiddel