FYS801 Fysisk aktiv leik i barnehagen

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Emnet Fysisk aktiv leik (FYS801) i barnehagen er dei første 15 studiepoenga i vidareutdanninga Fysisk og motorisk utvikling i barnehagen på tilsaman 30 studiepoeng. 

Målet med emnet er å auke studentane sin innsikt i samanhengane mellom fysisk aktivitet og fysisk aktiv leik og barna si heilskaplege utvikling, læring og helse, samt legge til rette for utvikling av eigen praksis. Læringsmåla er sentrerte rundt faglege kunnskapar om og ulike perspektiv på fysisk aktivitet, leik og korleis ulike aktivitetar kan fremme barn si fysiske, motoriske, kognitive og emosjonelle utvikling. Studentane vil få kunnskap om korleis fysisk aktiv leik kan bidra til å gi barn ulike erfaringar, slik at dei blir trygge på eigen kropp, blir kjent med eigne følelsar og får ei positiv sjølvoppfatning. Refleksjon over ulike perspektiv på verdien av bevegelse og leik, inkludert leiken sin eigenverdi og verdi for læring, samt spenninga mellom planlagt og spontan aktivitet, er også sentralt. Emnet legg opp til ei kopling mellom teori og praksis, der studentane vil få oppgåver som skal gjennomførast i eigen barnehage.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har inngåande teoretisk kunnskap om fysisk aktivitet, fysisk aktiv leik og motorisk utvikling og ulike perspektiv på korleis desse omgrepa kan forståast
  • har inngåande kunnskap om samanhengar mellom ulike typar fysisk aktivitet/fysisk aktiv leik og barn si helse og utvikling, inkludert motorisk-, kognitiv- og sosio-emosjonell utvikling
  • har kunnskap om fysisk aktivitet, fysisk aktiv leik, utvikling av ferdigheiter og livsmeistring i eit førebyggjande-, helsefremmande- og danningsperspektiv

 

Ferdigheiter

Studenten

  • kan leggje til rette for, støtte og utvikle barn sin fysisk aktive leik
  • kan kritisk reflektere over eigen praksis i høve til bruk av fysisk aktiv leik

 

Generell kompetanse

Studenten

  • kan reflektere over betydinga av fysisk aktivitet og fysisk aktiv leik for barn si helse, utvikling, livsmeistring og danning
  • kan forholde seg kritisk til litteratur på området og diskutere faglege problemstillingar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Emnet vil ha fysiske samlingar på høgskulen (Campus Bergen) og nettundervising. Arbeidsmåtar vil veksle mellom teoretisk og praktisk aktivitet, førelesingar, samt diskusjon i grupper og sjølvstendig refleksjon. Emnet vil ha arbeidskrav knytt til utprøvingsarbeid i eigen barnehage, refleksjon og erfaringsdeling. Emnet vil utvikle studentane sin digitale kompetanse gjennom bruk og utvikling av digitale verktøy i det pedagogiske arbeidet. 

Arbeidskrav

Emnet har to arbeidskrav:

Arbeidskrav 1: Utprøving av ulike aktivitetar i eigen barnehage. Individuelt.

Arbeidskrav 2: Refleksjonsnotat om utvikling av eigen praksis. Skriftleg innlevering og munnleg presentasjon. Individuelt.

Vurderingsform

Skriftleg heimeeksamen (5 dagar). Individuell.

Karakterskala A-F, der F tilsvarar ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel