Hopp til innhald

ME6-501 Forskingsdesign og metode

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Emnet dannar bakgrunn for arbeidet med masteroppgåva og handlar om vitskapsteori, forskingsdesign, samfunnsvitskaplege metodar og utvikling av prosjektskisse. Emnet gir oversyn over sentrale vitskapsteoretiske tilnærmingar og kva forståing desse gir for kunnskapsproduksjon. Emnet fokuserer på litteraturgjennomgang av forsking på felt som er sentrale for masteroppgåva. Emnet gir kunnskap om dei ulike fasane i  ein forskingsprosess og ulike typar forskingsdesign. Det blir lagt vekt på både kvalitative og kvantitative strategiar for å samle inn forskingsdata. Ulike tilnærmingar til analyse av innsamla datamateriale inngår i emnet.

Læringsutbytte

Læringsutbyte

Etter avslutta emne skal studenten ha følgjande læringsutbyte: 

 

  • Kunnskap om sentrale tema og tilnærmingsmåtar i vitskapsfilosofien
  • Eit breitt vitskapsteoretisk og metodisk grunnlag for å studere endringar knytt til organisering, styring, innovasjon og omstilling i utdanningssektoren eller i helse- og velferdssektoren
  • Inngåande kunnskap om design av forskingsprosjekt og kvalitative og kvantitative metodiske tilnærmingar
  • Avansert kunnskap om tilhøvet  mellom teori, design og metodeval
  • Særskild godt innsyn i korleis vitskaplege problemstillingar med relevans for leiing og organisering kan analyserast i lys av kontekstuelle faktorar

 

  • Gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt med kjennskap til dei ulike fasane i forskinga og korleis dette kan presenterast i ei masteroppgåve.
  • Utvikle problemstilling med relevans for å studere eit aktuelt samfunnsfenomen.
  • Utarbeide eit litteraturoversyn med relevans for problemstilling.
  • Vurdere relevansen av ulike teoriar for ei problemstilling.
  • Vere i stand til å gjere greie for ulike forskingsdesign og velje design og relevant metode for eit forskingsprosjekt.
  • Vurdere validitet, reliabilitet og etiske spørsmål i eit prosjekt
  • Ha ei inngåande forståing av korleis det empiriske datamaterialet kan analyserast i lys av teori og sjåast på i lys av kontekstuelle faktorar og annan forsking på feltet.

 

  • Bruke kunnskapar og ferdigheiter i avansert oppgåveløysing i eigen organisasjon eller sektor
  • Formidle forsking som er relevant 
  • Kommunisere til omverda og relevante fagmiljø om faglege problemstillinger og om utforminga av prosjekt
  • Bidra til nytenkning og innovasjon i eigen organisasjon gjennom tileigna kunnskap

Krav til forkunnskapar

Emnet inngår som ein viktig del av førebuinga til skrivinga av masteroppgåva. Det byggjer på den grunnleggjande forståinga som blir etablert tidligare i programmet, og studentane må ha fullført dei første 67,5 studiepoenga i masterprogrammet før dei byrjar på emnet. 

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, øvingsoppgåver og gjennomgang av døme på forskingsprosjekt. Framlegging og rettleiing av arbeidskrav i grupper.

Obligatorisk læringsaktivitet

Arbeidskrav nr. 7 i studieplanen med fem innleverte oppgåveløysingar i løpet av emnet.

A-krav nr. 7 a : Presentasjon av tema for masteroppgåve. 

A-krav nr. 7 b : Litteraturreview med relevans for masteroppgåve.

A-krav nr. 7 c: Teoriseminar

A-krav nr. 7 d: Første utkast til prosjektskisse.

A-krav nr. 7 e: Revidert utkast til prosjektskisse.

Vurderingsform

Mappa skal innehalde ei prosjektskisse for masteroppgåva. Rettleiande omfang på  prosjektskissa er 6000-7000 ord. Inntil to studentar kan skrive prosjektskisse ilag. Rettleiande omfang på prosjektskissa ved samskriving er 8000 - 9000 ord.

Endeleg dato for innlevering vert gjort kjend av faglærar.

Bokstavkarakter A-F, der F er "ikkje greidd".

Ved stryk kan omarbeidd tekst bli levert på nytt i påfølgjande semester.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • ME6-500 - Forskingsstrategiar og metode - Reduksjon: 14,5 studiepoeng