MSB102 Innovasjonsteori og praksis

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Formålet med emnet er å gi studentane avansert kunnskap om innovasjon og faktorane som fremmar og hemmar innovasjonsmiljø og utviklinga av desse. Studentane lærer å bruke verktøy for å forstå, analysere og utvikle slike miljø både internt i organisasjonar og ved samarbeid på tvers av organisasjonar. Sentrale tema er teoriar og praksis knytt til innovasjonsprosessar, inter-organisatorisk samarbeid (som open innovasjon og nettverk), avleggarar (spin-offs), tilgang til, og utnytting av interne og eksterne ressursar. Emnet gir også kunnskap om, og drøftar ulike innovasjonsmodellar for organisasjonar, nettverk, økosystem og stadar.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Etter fullført emne skal studenten:

  • ha avansert kunnskap om innovasjon.
  • ha avansert kunnskap om samarbeidsformer på tvers av organisasjonar slik som open innovasjon, innovasjonsnettverk og -økosystem.
  • ha avansert kunnskap om faktorar som hemmar og fremmar innovasjon internt i bedrifter og i innovasjonsmiljø.
  • kan bruke kunnskapen på nye områder relatert til innovasjonsfaget.
  • kan analysere faglege problemstillingar med bakgrunn i innovasjonsfaget sin eigenart og plass i samfunnet og organisasjonar.

 

Ferdigheiter  

Etter fullført emne kan studenten:

  • analysere og kritisk vurdere ulike informasjonskjelder og bruke desse til å strukturere og formulere faglege resonnement innan innovasjonsfeltet og spesielt når det gjeld korleis ein bygger sterke innovasjonsmiljø.
  • analysere og vurdere eksisterande teoriar, metodar og tolkingar innanfor innovasjonsfeltet og arbeide sjølvstendig med praktiske og teoretiske problem knytt til utvikling av innovative miljø.

 

Generell kompetanse

Etter fullført emne kan studenten:

  • kommunisere eit omfattande sjølvstendig arbeid og meistre uttrykksformene på innovasjonsfeltet.  
  • kommunisere, analysere og konkludere på akademiske spørsmål knytt til innovasjon og innovasjonsmiljø, både til spesialistar og allmenta.  
  • bidra til nytenking og innovasjonsprosessar. 
  • bruke kunnskapane og ferdigheitene sine på nye område for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt. 

Krav til forkunnskapar

Opptak på Masterprogrammet i økonomi og administrasjon

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar der ein gjennomgår og drøftar litteraturen. 

Seminar der studentane presenterer utvalde artiklar og brukar teorien til å analysere praktiske problem. I desse seminara vil ein også drøfte korleis ein skriv essay. 

Arbeidskrav

Ei skriftleg oppgåve og to presentasjonar. 

Vurderingsform

Essay i gruppe på 2-3 studentar (tel 40%).

Skriftleg skuleeksamen, 5 timar (tel 60%).

Karakterskala er A-F, der F er ikkje godkjent. 

Begge eksamenane må vere greidd for å få fullført emnet.

Hjelpemiddel ved eksamen

Essay: Alle

Skuleeksamen: Ingen

Meir om hjelpemiddel