Hopp til innhald

PL433 Innføring i arealplanlegging

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Innføring i kommunal planlegging etter plan- og bygningslova, med vekt på kommuneplanen sin arealdel og reguleringsplanlegging.

Innhaldet i emnet omfattar:

  • Krav til innhald og prosess for kommuneplanen sin arealdel (KPA) og reguleringsplanar.
  • Konsekvensutgreiing og ROS-analyser, med hovudvekt på arealdelen.

Læringsutbytte

Studenten skal ha grunnleggande kunnskap om:

  • plansystemet og krav til planinnhald og utgreiingar (del av plan- og bygningslova).
  • krava til planprosessar for ulike plannivå.
  • sentrale problemstillingar i både kommunal og privat reguleringsplanlegging.

Studenten skal:

  • Kunne finne grunnlagsmateriale og gjennomføre overordna analyser.
  • Ha eit godt grunnlag til å kunne lage faglege innspel til planprosessar.
  • Kunne utføre forenkla ROS-analyse og konsekvensutgreiingar på kommuneplannivå.

Studenten skal:

  • Forstå, vurdere og bruke kommuneplanar og reguleringsplanar.
  • Kunne delta i planprosessar.

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen krav til forkunnskap

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar og øvingsoppgåver

Obligatorisk læringsaktivitet

Individuell eller gruppeoppgåve (med to i gruppa).  Studentane skal hente ut og tolke informasjon frå planar og planprosessar for eit sjølvvald studieområde og gjere enkle analyser.

Godkjent arbeidskrav er ein føresetnad for å kunne gå opp til eksamen. 

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 4 timar.

Karakterskala: A-F.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • PL417 - Arealplanlegging - Reduksjon: 6 studiepoeng
  • PL418 - Reguleringsplanlegging - Reduksjon: 4 studiepoeng