PRAKSB5104 Praksisstudiar i heimesjukepleie

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Emnet vektlegg kunnskap om og klinisk praksis av sjukepleie til pasientar i eigen heim. Det blir lagt vekt på refleksjon og kunnskap om livskvalitet til pasientar med kronisk sjukdom/funksjonssvikt som bur heime. Studenten vil i dette praksisstudiet få innføring i heimesjukepleien sin plass i den totale helsetenesta og betydinga av samhandling på individuelt nivå, institusjonelt nivå og samfunnsnivå.

Praktisk informasjon

  • Studenten må vera budd på å gjennomføre praksis i distriktet (praksisplasser HVL, studiestad Stord, har avtalar med).
  • Praksisstad/student lager turnus på 240 timer, jamt fordelt over 8 veker.
  • I praksis skal studenten ha fokus på klinisk arbeid i direkte kontakt med pasientar og pårørande.
  • Turnusen blir godkjent av lærar og studentansvarleg-/kontaktsjukepleiar på praksisstad i veke 1 eller 2.
  • Studenten skal i størst mogleg grad følgje kontaktsjukepleiar sin turnus.
  • Studenten skal gå dag, kveld, helg og natt (der det er mogleg).
  • Rettleiingsgruppe med lærar er obligatorisk og blir rekna som praksis.
  • For at et praksisemne skal kunne vurderast til bestått, må studenten ha vore til stades minimum 90% av den planlagde tida.
  • Fråvær over 10 %, uansett årsak, gjev ikkje bestått praksis.
  • Studenten oppmodast til kontinuerlig å jobbe inn eventuelt fråvær på inntil 10% (fråværsdag 1-3), der det er mogleg for praksisstaden.
  • Dersom sjukdom eller andre forhold studenten ikkje rår over fører til fråvær utover lovleg fråvær (10%), må skjema og legeattest (eller annan gyldig dokumentasjon)bli levert studieadministrasjonen seinast 3 virkedagar utover lovleg fråvær, dersom praksisforsøket ikkje skal bli rekna som eit forsøk.
  • Fravær på mellom 10% og 20% kan likevel hvis mogleg arbeidast  inn i løpet av praksisperioden etter avtale med kontaktsjukepleiar og lærar fra høgskolen.
  • I særtilfeller kan fråvær jobbast inn i inntil éi veke etter avslutta praksisperiode. I slike tilfelle ligg beslutningsmyndighet hos fagseksjonsleiar.
  • Skifte av vakt utan godkjenning frå sjukepleiar eller lærar blir rekna som fråvær.
  • Studenten har ansvar for å rapportere fråvær til avdelinga.
  • Det skal gjennomførast obligatoriske begynnar-, midt- og sluttsamtaler i alle 8 vekene sine praksisperiodar. Midt- og sluttsamtalar skal gjennomførast med utgongspunkt i AssCe skjema. (Sjå og Rettleiing til AssCe skjema). Studenten bør merke seg at det blir forventa forskjellig nivå på sjukepleieutøvinga i høve til kor langt studenten er komme i studiet og kor mange praksisperioder ein har gjennomført.
  • Arbeid som studentane gjer medan dei er ute i praksisstudiane skal relaterast til praksis og vera gjenstand for vurdering på midt- og sluttevaluering.
  • Ved ikkje bestått/ikkje fullført praksis må studenten på nytt gjennomføre ein heil praksisperiode med tilhøyrande oppgåver. Dette gjeld uavhengig årsak for ikkje bestått/ikkje fullført praksis.
  • For meir informasjon blir studenten, kontaktsjukepleiar og studentansvarleg vist til "Læreplan for praktiske studier".

Læringsutbytte

Kunnskap:

Studenten:

  • Har kunnskap om det å møte og samarbeide med pasientar og pårørande i deira eigen heim.
  • Har kunnskap om korleis ein skal ivareta grunnleggjande behov overfor pasientar som bur i eigen bustad.
  • Har kunnskap om relevante kommunikasjonsformer, spesielt kommunikasjon som fremjar brukarmedverknad og samhandling med pasientar og deira pårørande.
  • Har kunnskap om informasjon, rettleiing og undervising som er relevant for pasienten og pårørande.
  • Har kunnskap om sjukepleieprosessen som metode i utøving av sjukepleie til pasientar som bur i eigen bustad.
  • Har kunnskap om relevante sjukdommar og funksjonshemmingar, behandling, rehabilitering og aktuell sjukepleie.
  • Har kunnskap om palliativ sjukepleie og lindrande behandling til alvorleg sjuke og døyande pasientar og deira pårørande.
  • Har kunnskap om aktuelle førebuingar, undersøkingar, sjukepleieprosedyrar og bruk av tekniske hjelpemidlar.
  • Har kunnskap om aktuelle legemidlar, verknad, biverknader og legemiddelhandtering.
  • Har kunnskap om samarbeid, arbeidsleiing og organisering av kommunen sin heimesjukepleie, og om samarbeid mellom nivåa i helsesystemet.
  • Har kunnskap om korleis ulike faktorar og tverrfagleg samarbeid kan bidra til betringsprosessar og eit godt pasientforløp.
  • Har kunnskap om risikofaktorar for pasientar som bur i eigen bustad.
  • Har kunnskap om aktuelle retningsliner, forskrifter og lovverk som regulerer denne delen av helsetenesta.
  • Har kunnskap om aktuelle ressursar i lokalsamfunnet/kommunen, til dømes besøksteneste, frivilligheitssentral, pasient og brukarorganisasjonar.

 

Ferdigheiter:

Studenten:

  • Nyttar kunnskap frå pensum, forsking og utviklingsarbeid i sjukepleieutøvinga og kan framstille dette skriftleg/munnleg.
  • Nyttar målretta kommunikasjon verbalt og non-verbalt.
  • Nyttar relevante prinsipp for informasjonrettleiing og undervising til pasientar, pårørande og aktuelle samarbeidspartnarar.
  • Identifiserer, vurderer, prioriterer, planlegg, utfører, følgjer opp, rapporterer og dokumenterer behov for sjukepleie til pasientar/brukarar med ulike lidingar. Dette blir utført i samråd med pasienten, pårørande og andre medarbeidarar.
  • Identifiserer pasienten sine ressursar, og motiverer pasienten til å bruke ressursane, samt styrkje dei.
  • Samarbeider med pasientar, pårørande og frivillige, og nyttar deira kunnskap og ressursar som bidrag til ein meiningsfull kvardag.
  • Utfører sjukepleieprosedyrar, administrerer legemidlar i samhøve med gjeldande retningsliner, og assisterer ved undersøkingar og behandling på ein fagleg forsvarleg måte.
  • Viser evne til samhandling med eigen yrkesgruppe, og kan samarbeide tverrfagleg og tverretatleg.
  • Førebyggjer komplikasjonar og tar i vare pasienten sin tryggleik i tråd med oppdatert kunnskap.
  • Tar i vare pasienten sin autonomi og integritet i samsvar med etiske og juridiske retningsliner.
  • Reflekterer over eigen faglege utøving og justerer denne under rettleiing.

 

Generell kompetanse:

Studenten:

  • Viser innsikt i kommunikasjonen sin betyding for å fremme tillit og sikre tryggleik hos pasientar og deira pårørande.
  • Viser sjølvstende, nøyaktigheit og fagleg forsvarlegheit i utføring av all sjupleie, til dømes ved utøving av sjukepleieprosedyrar, handtering av legemiddel og ved undersøkingar og behandling.
  • Overheld teieplikta, og praktiserer i samsvar med faglege, etiske og juridiske retningsliner.
  • Viser respekt, forståing og nestekjærleik og tar andre menneske sin situasjon og oppleving alvorleg, uavhengig av kultur, religion og røyndomsoppfatning.
  • Viser ansvar for eigen læring, tar initiativ til å utnytte læresituasjonar, og bruker rettleiing aktivt og konstruktivt.
  • Viser evne til kritisk refleksjon over eigen evne til å utøve sjukepleie til pasientar/brukarar i heimesjukepleien.

Krav til forkunnskapar

Forkunnskapskrav (for kull 2014 og senere): Bestått praksis 4 og emne SYKSB2041

Tilrådde forkunnskapar

Alle forutgåande emner

Undervisnings- og læringsformer

Integrering av teori og praksis, rettleiing og refleksjon, gruppearbeid, rettleia praksis/studentoppfølging, demonstrasjonar, skriftlege oppgåver/arbeid og digitale innleveringar, munnleg framstilling, prosjektarbeid, munnleg medstudentrespons, dugleikstrening, refleksjonsnotat, sjølvevaluering, seminar.

Arbeidskrav

Ingen. 

Vurderingsform

Praksis