PRAKSB6101 Praksisstudiar innan kirurgi

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Emnet vektlegg kunnskap om og trening i sjukepleie til pasientar med sjukdomar som krev kirurgisk behandling. Vidare blir forståing og innsikt i pre-, per- og postoperativ sjukepleie vektlagt. Det er fokus på refleksjon og kunnskap om pasienten sin oppleving av å vere til kirurgisk utreiing og behandling. Sentrale fokusområde er observasjonar knytt til sjukdom og behandling, vurdering av behov for sjukepleie, innlæring av praktisk dugleik, betydinga av god infeksjonskontroll og kyndig handtering av medisinsk -tekniske prosedyrar. Klinisk sluttkompetanse blir gjennomført som ei av oppgåvene for å få godkjend praksis. Klinisk sluttkompetanse omfattar både læringsutbytta gjeldande i praksis 6, og kviler i tillegg på læringsutbytter frå tidligare praksisperiodar. 

Praktisk informasjon

  • Studenten må vera budd på å gjennomføre praksis i Helse Fonna sitt sjukehus.
  • Praksisstad/student lager turnus på 240 timer, jamt fordelt over 8 veker.
  • I praksis skal studenten ha fokus på klinisk arbeid i direkte kontakt med pasientar og pårørande.
  • Turnusen blir godkjent av lærar og studentansvarleg-/kontaktsjukepleiar på praksisstad i veke 1 eller 2.
  • Studenten skal i størst mogleg grad følgje kontaktsjukepleiar sin turnus.
  • Studenten skal gå dag, kveld, helg og natt (der det er mogleg).
  • Rettleiingsgruppe med lærar er obligatorisk og blir rekna som praksis.
  • For at et praksisemne skal kunne vurderast til bestått, må studenten ha vore til stades minimum 90% av den planlagde tida.
  • Fråvær over 10 %, uansett årsak, gjev ikkje bestått praksis.
  • Studenten oppmodast til kontinuerlig å jobbe inn eventuelt fråvær på inntil 10% (fråværsdag 1-3), der det er mogleg for praksisstaden.
  • Dersom sjukdom eller andre forhold studenten ikkje rår over fører til fråvær utover lovleg fråvær (10%), må skjema og legeattest (eller annan gyldig dokumentasjon)bli levert studieadministrasjonen seinast 3 virkedagar utover lovleg fråvær, dersom praksisforsøket ikkje skal bli rekna som eit forsøk.
  • Fravær på mellom 10% og 20% kan likevel hvis mogleg arbeidast  inn i løpet av praksisperioden etter avtale med kontaktsjukepleiar og lærar fra høgskolen.
  • I særtilfeller kan fråvær jobbast inn i inntil éi veke etter avslutta praksisperiode. I slike tilfelle ligg beslutningsmyndighet hos fagseksjonsleiar.
  • Skifte av vakt utan godkjenning frå sjukepleiar eller lærar blir rekna som fråvær.
  • Studenten har ansvar for å rapportere fråvær til avdelinga.
  • Det skal gjennomførast obligatoriske begynnar-, midt- og sluttsamtaler i alle 8 vekene sine praksisperiodar. Midt- og sluttsamtalar skal gjennomførast med utgongspunkt i AssCe skjema. (Sjå og Rettleiing til AssCe skjema). Studenten bør merke seg at det blir forventa forskjellig nivå på sjukepleieutøvinga i høve til kor langt studenten er komme i studiet og kor mange praksisperioder ein har gjennomført.
  • Arbeid som studentane gjer medan dei er ute i praksisstudiane skal relaterast til praksis og vera gjenstand for vurdering på midt- og sluttevaluering.
  • Ved ikkje bestått/ikkje fullført praksis må studenten på nytt gjennomføre ein heil praksisperiode med tilhøyrande oppgåver. Dette gjeld uavhengig årsak for ikkje bestått/ikkje fullført praksis.
  • For meir informasjon blir studenten, kontaktsjukepleiar og studentansvarleg vist til "Læreplan for praktiske studier".

Læringsutbytte

Kunnskap:

Studenten:

  • Har kunnskap om relevante kirurgiske tilstander, behandling, rehabilitering og aktuell sjukepleie.
  • Har kunnskap om relevante kommunikasjonsformer, spesielt kommunikasjon som fremmar brukarmedverknad og samhandling med pasientar og pårørande.
  • Har kunnskap om informasjon, rettleiing og undervising som er relevant for pasientar og deira pårørande knytt til pre- og postoperativ sjukepleie samt ved andre behandlingsformer.
  • Har kunnskap om sjukepleieprosessen som metode i utøving av sjukepleie til pasientar med kirurgiske tilstander samt i pre- og postoperativ fase.
  • Har kunnskap om palliativ sjukepleie og lindrande behandling til alvorleg sjuke og døyande pasientar og deira pårørande.
  • Har kunnskap om aktuelle førebuingar, undersøkingar, sjukepleieprosedyrar og bruk av tekniske hjelpemiddel.
  • Har kunnskap om aktuelle legemidlar, verknad, biverknader og legemiddelhandtering.
  • Har kunnskap om samarbeid, arbeidsleiing og organisering ved kirurgisk avdeling, og om samarbeid mellom nivåa i helsesystemet.
  • Har kunnskap om korleis ulike faktorar og tverrfagleg samarbeid kan bidra til betringsprosessar og eit godt pasientforløp.
  • Har kunnskap om risikofaktorar og komplikasjonar ved kirurgisk sjukdom og behandling.
  • Har kunnskap om aktuelle retningsliner, forskrifter og lovverk som regulerar denne delen av helsetenesta.

 

Studenten:

  • Nyttar kunnskap frå pensum, forsking og utviklingsarbeid i sjukepleieutøvinga og kan framstille dette skriftleg/munnleg.
  • Nyttar målretta kommunikasjon verbalt og non-verbalt.
  • Nyttar relevante prinsipp for informasjon, rettleiing og undervising til pasientar, pårørande og aktuelle samarbeidspartnarar.
  • Identifiserer, vurderer, prioriterer, planlegg, utfører, følgjer opp, rapporterer og dokumenterer behov for sjukepleie til pasientar med kirurgiske lidingar, og i forhold til tilleggslidingar. Dette blir utført i samråd med pasienten, pårørande og andre medarbeidarar.
  • Identifiserer pasienten sine ressursar, og motiverer pasienten til å bruke ressursane, samt styrke dei.
  • Utfører sjuepleieprosedyrar, administrerer legemiddel i samhøve med gjeldande retningsliner, og assisterer ved undersøkingar og behandling på ein fagleg forsvarleg måte.
  • Viser evne til samhandling med eigen yrkesgruppe, og kan samarbeide tverrfagleg og tverretatleg.
  • Førebyggjer komplikasjonar og tar i vare pasienten sin tryggleik i tråd med oppdatert kunnskap.
  • Tar i vare pasienten sin autonomi og integritet i samsvar med etiske og juridiske retningsliner.
  • Reflekterer over eigen faglege utøving og justerer denne under rettleiing.

 

Generell kompetanse:

Studenten:

  • Viser innsikt i kommunikasjonen sin betyding for å fremme tillit og sikre tryggleik hos pasientar og deira pårørande.
  • Viser sjølvstende, nøyaktigheit og fagleg forsvarlegheit i utføring av all sjukepleie, til dømes ved utøving av sjukepleieprosedyrar, handtering av legemiddel og ved undersøkingar og behandling.
  • Overheld teieplikta, og praktiserer i samsvar med faglege, etiske og juridiske retningsliner.
  • Viser respekt, forståing og nestekjærleik og tar andre menneske sin situasjon og oppleving alvorleg, uavhengig av kultur, religion og røyndomsoppfatting.
  • Viser ansvar for eigen læring, tar initiativ til å utnytte læresituasjonar, og bruker rettleiing aktivt og konstruktivt.
  • Viser evne til kritisk refleksjon over eigen evne til å utøve sjukepleie til kirurgiske pasientar.

Krav til forkunnskapar

Forkunnskapskrav (for kull 2014 og senere): Bestått praksis 5

Tilrådde forkunnskapar

Alle forutgåande emner

Undervisnings- og læringsformer

Integrering av teori og praksis, rettleiing og refleksjon, gruppearbeid, rettleia praksis/studentoppfølgjing, demonstrasjonar, skriftlege oppgåver/arbeid og digitale innleveringar, munnleg framstilling, prosjektarbeid, munnleg medstudentrespons, dugleikstrening, refleksjonsnotat, sjølvevaluering, seminar.

Arbeidskrav

 Ingen.

Vurderingsform

Praksis

Fagleg overlapping

  • SYKS230P (1) - Praksisstudie, Kirurgisk sykepleie ved akutt, kronisk og kritisk sykdom - Reduksjon: 12 studiepoeng
  • PRAKSB2101 (1) - Praksisstudier innen kirurgi - Reduksjon: 12 studiepoeng