PRAKSB6103 Praksisstudiar i psykisk helsearbeid/helsevern

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Emnet vektlegg kunnskap om sjukepleie til personar med psykiske og rusrelaterte lidingar. Det blir lagt vekt på refleksjon og innsikt i korleis det blir opplevd og kva konsekvensar det kan få i kvardagen. Eit sentralt fokusområde er kunnskap og betydninga av brukarane sin medverknad og sjølvbestemming i det terapautiske opplegget, der tverrfaglig samarbeid blir vektlagt. Klinisk sluttkompetanse blir gjennomført som ei av oppgåvene for å få godkjend praksis. Klinisk sluttkompetanse omfattar både læringsutbytta gjeldande i praksis 6, og kviler i tillegg på læringsutbytter frå tidligare praksisperiodar.

 

Praktisk informasjon

  • Studenten må vera budd på å gjennomføre praksis i distriktet (praksisplasser HVL, studiestad Stord, har avtalar med).
  • Praksisstad/student lager turnus på 240 timer, jamt fordelt over 8 veker.
  • I praksis skal studenten ha fokus på klinisk arbeid i direkte kontakt med pasientar og pårørande.
  • Turnusen blir godkjent av lærar og studentansvarleg-/kontaktsjukepleiar på praksisstad i veke 1 eller 2.
  • Studenten skal i størst mogleg grad følgje kontaktsjukepleiar sin turnus.
  • Studenten skal gå dag, kveld, helg og natt (der det er mogleg).
  • Rettleiingsgruppe med lærar er obligatorisk og blir rekna som praksis.
  • For at et praksisemne skal kunne vurderast til bestått, må studenten ha vore til stades minimum 90% av den planlagde tida.
  • Fråvær over 10 %, uansett årsak, gjev ikkje bestått praksis.
  • Studenten oppmodast til kontinuerlig å jobbe inn eventuelt fråvær på inntil 10% (fråværsdag 1-3), der det er mogleg for praksisstaden.
  • Dersom sjukdom eller andre forhold studenten ikkje rår over fører til fråvær utover lovleg fråvær (10%), må skjema og legeattest (eller annan gyldig dokumentasjon)bli levert studieadministrasjonen seinast 3 virkedagar utover lovleg fråvær, dersom praksisforsøket ikkje skal bli rekna som eit forsøk.
  • Fravær på mellom 10% og 20% kan likevel hvis mogleg arbeidast  inn i løpet av praksisperioden etter avtale med kontaktsjukepleiar og lærar fra høgskolen.
  • I særtilfeller kan fråvær jobbast inn i inntil éi veke etter avslutta praksisperiode. I slike tilfelle ligg beslutningsmyndighet hos fagseksjonsleiar.
  • Skifte av vakt utan godkjenning frå sjukepleiar eller lærar blir rekna som fråvær.
  • Studenten har ansvar for å rapportere fråvær til avdelinga.
  • Det skal gjennomførast obligatoriske begynnar-, midt- og sluttsamtaler i alle 8 vekene sine praksisperiodar. Midt- og sluttsamtalar skal gjennomførast med utgongspunkt i AssCe skjema. (Sjå og Rettleiing til AssCe skjema). Studenten bør merke seg at det blir forventa forskjellig nivå på sjukepleieutøvinga i høve til kor langt studenten er komme i studiet og kor mange praksisperioder ein har gjennomført.
  • Arbeid som studentane gjer medan dei er ute i praksisstudiane skal relaterast til praksis og vera gjenstand for vurdering på midt- og sluttevaluering.
  • Ved ikkje bestått/ikkje fullført praksis må studenten på nytt gjennomføre ein heil praksisperiode med tilhøyrande oppgåver. Dette gjeld uavhengig årsak for ikkje bestått/ikkje fullført praksis.
  • For meir informasjon blir studenten, kontaktsjukepleiar og studentansvarleg vist til "Læreplan for praktiske studier".

Læringsutbytte

  • Har kunnskap om relevante psykiske og rusrelaterte lidingar, behandling, rehabilitering, ulike metoder inklusiv miljøterapi og sjukepleie som blir nytta i psykisk helsearbeid/helsevern.
  • Har kunnskap om relevante kommunikasjonsformer, spesielt kommunikasjon som fremmar brukarmedverknad og samhandling med pasientar og deira pårørande.
  • Har kunnskap om informasjon, rettleiing og undervising som er relevant for pasientar og deira pårørande innanfor feltet psykisk helsearbeid/helsevern.
  • Kjenner til ulike kunnskapssyn på psykisk liding og psykisk helse, og relevant forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagområdet.
  • Har kunnskap om sjukepleieprosessen som metode i utøving av sjukepleie til pasientar med psykiske og rusrelaterte sjukdomar.
  • Har kunnskap om aktuelle førebuingar, undersøkingar og sjukepleieprosedyrer.
  • Har kunnskap om aktuelle legemidler, verknad, biverknader og legemiddelhandtering.
  • Har kunnskap om samarbeid, arbeidsleiing og organisering innanfor psykisk helsearbeid/helsevern, og om samarbeid mellom nivåa i helsesystemet.
  • Har kunnskap om korleis ulike faktorar og tverrfagleg samarbeid kan bidra til betringsprosesser og eit godt pasientforløp.
  • Har kunnskap om aktuelle retningsliner, forskrifter og lovverk som regulerar denne delen av helsetenesta.

 

Ferdigheiter:

Studenten:

  • Nyttar kunnskap frå pensum, forsking og utviklingsarbeid i sjukepleieutøvinga og kan framstille dette skriftleg/munnleg.
  • Nyttar målretta kommunikasjon verbalt og non-verbalt.
  • Nyttar relevante prinsipp for informasjon, rettleiing og undervising til pasientar, pårørande og aktuelle samarbeidspartnarar.
  • Identifiserer, vurderer, prioriterer, planlegg, utfører, følgjer opp, rapporterer og dokumenterer behov for sjukepleie til pasientar/brukarar med psykiske og rusrelaterte lidingar, og i forhold til tilleggslidingar. Dette blir utført i samråd med pasienten, pårørande og andre medarbeidarar.
  • Identifiserer pasienten sine ressursar, og motiverer pasienten til å bruke ressursane, samt styrkje dei.
  • Utfører sjukepleieprosedyrar, administrerer legemidlar i samhøve med gjeldande retningsliner, og assisterer ved undersøkingar og behandling på ein fagleg forsvarleg måte.
  • Nyttar ulike metoder som blir brukt i psykisk helsearbeid/helsevern.
  • Viser evne til samhandling med eigen yrkesgruppe, og kan samarbeide tverrfagleg og tverretatleg.
  • Førebyggjer komplikasjonar og ivaretar pasienten sin tryggleik i tråd med oppdatert kunnskap.
  • Ivaretar pasienten sin autonomi og integritet i samsvar med etiske og juridiske retningsliner.
  • Reflekterer over eigen fagleg utøving og justerer denne under rettleiing.

 

Generell kompetanse:

Studenten:

  • Viser innsikt i kommunikasjonen sin betydning for å fremme tillit og sikre tryggleik hos pasientar og deira pårørande.
  • Viser sjølvstende, nøyaktigheit og fagleg forsvarlegheit i utføring av all sjukepleie, til dømes ved utøving av sjukepleieprosedyrer, handtering av legemidler og ved undersøkingar og behandling.
  • Overheld teieplikta, og praktiserer i samsvar med faglege, etiske og juridiske retningsliner.
  • Viser respekt, forståing og nestekjærleik og tek andre menneske sin situasjon og oppleving alvorleg, uavhengig av kultur, religion og røyndomsoppfatting.
  • Viser ansvar for eigen læring, tar initiativ til å utnytta læresituasjoner, og bruker rettleiing aktivt og konstruktivt.
  • Viser evne til kritisk refleksjon over eigen evne til å utøve sjukepleie til pasientar/brukarar med psykiske og rusrelaterte lidingar.

Krav til forkunnskapar

Forkunnskapskrav (for kull 2014 og senere): Bestått praksis 5

Tilrådde forkunnskapar

Forutgåande emner

Undervisnings- og læringsformer

Integrering av teori og praksis, rettleiing og refleksjon, gruppearbeid, rettleia praksis/studentoppfølging, demonstrasjonar, skriftlege oppgåver/arbeid og digitale innleveringar, munnleg framstilling, prosjektarbeid, munnleg medstudentrespons, dugleikstrening, refleksjonsnotat, sjølvevaluering, seminar.

Arbeidskrav

Ingen

Vurderingsform

Praksis