VPD5-210 Praksisopplæring innan helsefagleg arbeid

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Praksis er ein sentral del av vernepleiarutdanninga. Studentane skal øve seg i å arbeide etter prinsippa i kunnskapsbasert praksis. Kunnskapsbasert praksis (KBP) er å ta faglege avgjerder basert på systematisk innhenta forskingsbasert og erfaringsbasert kunnskap, samt identifisere pasienten sine ynskjer og behov i ein gitt situasjon. I praksisperioden får studenten individuell oppfølging og veiledning av kontaktperson. Høgskulen har det formelle ansvar for vurdering av praksis. Studenten skal i starten av praksisperioden utforme ein læringsavtale. Studenten skal også utarbeide ei skriftleg oppgåve som tek utgangspunkt i praksisarbeidet, studenten arbeidar med denne gjennom heile praksisperioden.

Læringsutbytte

Etter gjennomført emne skal kandidaten ha:

Kunnskap :

  • om grunnleggjande pleie- og omsorg, samt relevante helsefaglege prosedyrar
  • om praksisplassen sin ideologi, organisering og forvaltning
  • om brukarmedverknad og korleis leggje til rette for medverknad i omsorgs- og forbetringsprosessar
  • om farmakologi og legemiddelhandtering
  • om ulike profesjonar sine bidrag på og i tilknyting til praksisplassen
  • om forbetringsarbeid og forsking på helsefaglege områder.

Ferdigheiter:

  • kan anvende fagleg relevant kunnskap om hygiene, smitte, grunnleggjande pleie- og omsorg, helsefaglege prosedyrar, farmakologi og legemiddelhandtering i praktisk arbeid, samt å kunne grunngje sine val.
  • kan anvende prinsipp om kunnskapsbasert praksis.
  • anvende kunnskap om aktuelle sjukdomar og behandlingsformer for å observere og gje forsvarleg helsehjelp til eldre og sjuke
  • kan reflektere over eiga yrkesutøving i møte med tenestemottakarar og kollegaer; og har evne til å justere seg på bakgrunn av tilbakemeldingar og veiledning.

Generell kompetanse:

  • Kan planlegge og gjennomføre helsefaglege prosedyrar og identifisere, gjennomføre og dokumentere helsehjelp i tråd med faglege krav og etiske retningslinjer
  • Har innsikt i relevante etiske og faglege problemstillingar innan helse- og omsorgsfaglege tema.
  • Kan utveksle synspunkt og erfaringar med brukar, kollega og andre naturlege aktørar i nettverket rundt brukar, og bidra til utvikling av god praksis.

Krav til forkunnskapar

Alle emne på første år skal vere greidde. Studenten skal ha opparbeidd seg eksamensrett i emnet VPD5-209 Helsefag

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesing og seminar. Praksis og oppgåver med tilbod om rettleiing.

Arbeidskrav

Ingen

Vurderingsform

Praksis vert vurdert samla etter ei avsluttande vurdering av studenten sin prestasjon i praksisperioden. Inkludert i vurderingsgrunnlaget er godkjenning frå praksisrettleiar samt følgjande skriftlege krav:  

  • Læreavtale
  • Skriftleg oppgåve +/- 4000 ord

Høgskulen vurderer endeleg godkjenning/ikkje godkjenning av praksis. Dersom ein ikkje får godkjent læreavtale og skriftleg oppgåve i samband med praksis, må emnet takast på nytt.

VURDERING UNDERVEGS - TVIL OM GODKJENNING

Studenten har krav på vurdering undervegs i praksisstudiane, og skal halvveges eller seinast 3 veker før avslutta praksisperiode få skriftleg melding dersom det oppstår tvil om godkjenning.

Om studenten i slutten av praksisperioden viser handling/åtferd som klart ikkje gjev grunnlag for å bestå praksis, kan studenten likevel få vurdering ikkje godkjend sjølv om tidlegare melding om tvil ikkje er gjeve.

Det er 9 veker praksis, med krav om 90% frammøte.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • VPDP200 (1) - Helse, miljø og omsorgspraksis - Reduksjon: 10 studiepoeng
  • VPLP200 (1) - Helse, miljø og omsorgspraksis - Reduksjon: 10 studiepoeng
  • VPL5-210 (1) - Praksisopplæring innan helsefagleg arbeid - Reduksjon: 15 studiepoeng