VPD5-212 Praksisopplæring i miljøarbeid med menneske med utviklingshemming

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Praksis er ein sentral del av vernepleiarutdanninga. Studentane skal øve seg i å arbeide etter prinsippa i kunnskapsbasert praksis. Kunnskapsbasert praksis (KBP) er å ta faglege avgjerder basert på systematisk innhenta forskingsbasert og erfaringsbasert kunnskap, samt identifisere pasienten sine ynskjer og behov i en gitt situasjon. I praksisperioden får studenten individuell oppfølging og veiledning av kontaktperson. Høgskulen har det formelle ansvar for vurdering av praksis. Studenten skal i starten av praksisperioden utforme ein læringsavtale. Studenten skal også utarbeide ei skriftleg oppgåve som tek utgangspunkt i praksisarbeidet, studenten arbeidar med denne gjennom heile praksisperioden.

Læringsutbytte

Etter gjennomført emne har/kan kandidaten:

Kunnskap:

  • kunnskap om systematisk arbeid med å grunngje fagleg oppfølging av tenestemottakarar
  • kunnskap om rammebetingelsar som påverkar tenesteutøving til menneske med utviklingshemmin
  • kunnskap om forskings- og utviklingsarbeid innanfor tenester til personar med utviklingshemming

Ferdigheiter:

  • kan legge til rette for at personar med kognitiv svikt skal oppnå sjølvråderett og personleg vekst
  • kan planlegga oppfølging som fremjar sosial deltaking og bidreg til tenestemottakarar sine mål
  • kan samle inn data og informasjon, som saman med teoretisk kunnskap vert relevant for tenestemottakar
  • kan nytte kunnskap om kommunikasjon, samhandling og aktivitet med menneske med psykisk utviklingshemming, og justera kommunikasjon i tråd med rettleiing

Generell kompetanse:

  • kan formidla fagstoff og hevda eigne vurderingar av faglege problemstillingar både skriftleg og munnleg
  • kan planlegga og gjennomføra oppfølging av ulike sosiale aktivtetar og bevegelse utfrå tenestemottakar sine ønskjer og behov
  • kan yta heilskapleg omsorg på ein sjølvstendig måte, samarbeida med andre yrkesutøvarar og dokumentera eigen praksis

Krav til forkunnskapar

Alle emner frå første studieår og haustsemesteret andre studieår må vera bestått. 

Opparbeidd seg eksamensrett i:

  • VPD5-211 Vernepleiaren som miljøarbeidar

Tilrådde forkunnskapar

Ingen ut over spesifikke forkunnskapar

Undervisnings- og læringsformer

Førelesing og seminar. Praksis og oppgåver med rettleiing.

Arbeidskrav

Ingen

Vurderingsform

Praksis vert vurdert samla etter ei avsluttande vurdering av studenten sin prestasjon i praksisperioden. Inkludert i vurderingsgrunnlaget er godkjenning frå praksisrettleiar samt følgjande skriftlege krav:  

  • Læreavtale
  • Skriftleg oppgåve +/- 4000 ord

Høgskulen vurderer endeleg godkjenning/ikkje godkjenning av praksis. Dersom ein ikkje får godkjent læreavtale og skriftleg oppgåve i samband med praksis, må emnet takast på nytt.

VURDERING UNDERVEGS - TVIL OM GODKJENNING Studenten har krav på vurdering undervegs i praksisstudiane, og skal halvveges eller seinast 3 veker før avslutta praksisperiode få skriftleg melding dersom det oppstår tvil om godkjenning.

Om studenten i slutten av praksisperioden viser handling/åtferd som klart ikkje gjev grunnlag for godkjend praksis, kan studenten likevel få vurderinga ikkje godkjend sjølv om tidlegare melding om tvil ikkje er gjeve.

Det er 11 veker praksis med krav om 90 % frammøte.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • VPDP100 (1) - Praksis - miljøterapeutisk arbeid - Reduksjon: 15 studiepoeng
  • VPLP100 (1) - Praksis - miljøterapeutisk arbeid - Reduksjon: 15 studiepoeng
  • VPL5-212 (1) - Praksisopplæring i miljøarbeid med menneske med utviklingshemming - Reduksjon: 15 studiepoeng