Hopp til innhald

BSSN801 Barns språkutvikling og språklæring, nettbasert

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhold og oppbygning

Formålet med vidareutdanninga Barns språkutvikling og språklæring på nett er å styrke kompetansen til barnehagelæraren generelt, og auke kompetansen i arbeidet med barn med språklege utfordringar. Rammeplanens føringar om mangfald, likeverd, likestilling, inkludering, tidleg innsats og livsmeistring vil liggje som grunn for studiet. Betydninga av tidleg innsats i barnehagen for å styrke alle barns språkutvikling innanfor deira utviklingstempo og dei to store samfunnsendringane digitalisering og økt mobilitet, vil prege vidareutdanninga. 

Innhald

  • barns språklege utvikling
  • fleirspråkleg utvikling
  • barn med språk- og kommunikasjonsforstyrringar i barnehagen
  • kartlegging og observasjon av språkutvikling og barnehagens språkmiljø
  • språkstimulering i barnehagen gjennom leik, høgtlesing og samtale i formelle og uformelle læringssituasjonar

Læringsutbytte

Læringsutbytte

 

Kunnskapar

Studenten:

  • har grundig innsikt i barns språkutvikling, inkludert fleirspråkleg utvikling
  • har grundig kunnskap om kva som er eit godt språkmiljø i barnehagen
  • har god kunnskap om korleis barn inngår i språklege samspel i barnehagen
  • har inngåande forståing om leiken sin verdi for barns språkutvikling, for meistring og inkludering
  • har god kunnskap om språkforstyrringar hos barn

Ferdigheiter

Studenten skal:

  • kunne kartlegge og observere barns språkutvikling og anvende kartlegging som grunnlag for systematisk arbeid og kritisk refleksjon rundt arbeid med barns språkutvikling
  • kunne bruke samtale, barnelitteratur, musikk, rim, regler og andre kulturuttrykk for å stimulere til barns språkutvikling, og vise progresjon i språkstimulerande aktivitetar
  • kunne setje inn tiltak slik som teikn-til-tale for barn som treng ekstra støtte i si språkutvikling
  • kunne nytte digitale verktøy som språkstimulering

Generell kompetanse

Studenten

  • har grundig innsikt i verdien av språkstimulering i barnehagen og betydninga av tidleg innsats
  • har innsikt i tilhøve som legg rammer for leiing av endrings- og utviklingsprosessar og kunne reflektere kritisk rundt dei
  • kan kritisk vurdere barnehagelærarens rolle som språkmodell og fagleg didaktisk arbeid knytt til fagområdet Kommunikasjon, språk og tekst

Krav til forkunnskaper

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Tilbodet er ein del av satsinga Kompetanse for framtidas barnehage. Studiet går over to semester og er eit reint nettbasert studium med 10 nettsamlingar à to timar per semester. Studiet kombinerer førelesingar, diskusjonar, oppgåvearbeid, studentpresentasjon og basisgruppearbeid. Mellom samlingane skal  studentane arbeide i nettbaserte studiegrupper, i tillegg til sjølvstudium. Studiet stiller krav til den enkelte student om sjølvstendig arbeid og aktiv tilnærming til problemstillingar, samt at ein aktivt søkjer kunnskapsutvikling og samarbeid med andre studentar.

Me brukar læringsplattforma Canvas og nettkonferanseverktøy. Du vil få ei innføring i bruken av nettkonferanseverktøy.

Obligatorisk læringsaktivitet

Studentane må rekna at store delar av undervisninga er obligatorisk på grunn av obligatoriske læringsaktivitetar. Oversikt over dei obligatoriske læringsaktivitetane blir gitt ved semesterstart. Frammøte til desse læringsaktivitetane er å rekne som godkjent, og fråver blir å rekne som ikkje godkjent.

Det er totalt fire arbeidskrav, både individuelle og gruppearbeid. To av arbeidskrava skal ha utgangspunkt i utvikling av eigen praksis.

  • Utarbeide en prosjektskisse til utprøving av ny fagleg kunnskap gjennom eit lite FoU-prosjekt på eigen arbeidsplass
  • Eit refleksjonsnotat knytt til kunnskapsdeling i eige kollegium i barnehagen etter utprøving av didaktisk arbeid knytt til Rammeplanens fagområde Kommunikasjon, språk og tekst der digitale verktøy vert nytta som pedagogisk reiskap.
  • Ein fagtekst med utgangspunkt i analyse av ein forskingsartikkel med tema språkforstyrring eller kommunikasjonsvanskar i barnehagen
  • Eit digitalt arbeidskrav i gruppe om fleirspråkleg utvikling og korleis støtte barnas språkutvikling

Vurderingsform

  • Oppgåve - skriftleg rapport frå FoU-arbeid gjennomført på eigen arbeidsplass (tel 60 %)
  • Individuell munnleg eksamen (tel 40 %)
  • Karakterregel A - F, F er lik stryk

Hjelpemidler ved eksamen

Alle hjelpemiddel på skriftleg rapport.

Ingen hjelpemiddel på munnleg eksamen, med unntak av digitalt verktøy til gjennomføring. 

Mer om hjelpemidler