ELE111 Digitale design

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Emnet handlar om bruk av maskinvaredesignspråket VHDL til konstruksjon av digitale design i FPGA. Det skal lagast ulike design, med variarande kompleksitet: enkle logiske kretsar, minne, styringslogikk og enkel datamaskin. Gjennom laboratorieoppgåver vil ein få praktisk erfaring med korleis ein kan laga verkelege design og nytta dei mot eksterne einingar. Det blir lagd stor vekt på synkronisering, sampling, simulering og testing.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Kandidaten har kunnskap om:

  • korleis ein ut frå spesifikasjonar kan konstruera digitale kretsar ved bruk av VHDL
  • simulering av digitale kretsar og enkle digitale system, der FPGA blir nytta.
  • testing av ferdig design.

Ferdigheiter

Kandidaten kan

  • Nytta VHDL til å konstruera og simulera digitale kretsar/system i FPGA
  • testa eit ferdig system å ein systematisk måte
  • arbeida i relevante elektronikklaboratorier og meistra aktuelle metodar og verktøy.

Generell kompetanse

  • Kandidaten er medviten om korleis programmerbar logikk kan nyttast til å løysa relevante teknologiske utfordringar
  • Kandiaten er i stand til å oppdatera kunnskapen sin innan fagfeltet
  • Kandidaten kan delta aktivt i faglege diskusjonar og er i stand til å dela kunnskapane og erfaringane sine med andre, og kan bidra til utvikling av god praksis.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Grunnleggjande kunnskapar innan digitalteknikk og programmering,

tilsvarande ELE100/ELE141 og ELE 102

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar.

Det blir arbeidd med praktiske oppgåver aleine og i grupper.

Obligatorisk læringsaktivitet

80% obligatorisk frammøte

6 innleveringar må vera godkjende før ein kan ta eksamen.

Vurderingsform

Prosjektoppgåve og praktisk/munnleg eksamen.

Prosjektoppgåva tel 40% av karakteren, eksamen 60%. Begge delar må vera greidd for å få greidd karakter i emnet.

Til praktisk/munnleg eksamen må studentane ta med eigen PC og eige DE2-115 testkort. Programvare som trengst i emnet må vera installert på PC og testa på førehand.

Karakterskale A-F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Datamaskin med all programvare som har vore nytta i undervisinga. Studenten kan nytta elektronisk lagra notat og undervisingsmatriell.

Internett eller annan form for elektronisk kommunikasjon er ikkje lovleg, med unnatak for eventuell aktivering av programvarelisensar.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • TOE104 (1) - Digitale system - Reduksjon: 10 studiepoeng