Hopp til innhald

LUL301 Leik,utforsking og overgangen barnehage-skule

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Denne fordjupinga har vekt på pedagogisk leiing av fagområda: "Språk, kommunikasjon og tekst" og "Mengd, rom og form" gjennom leik, utforsking og overgangen barnehage-skule. Målet er å utvikle studentane til ressurspersonar som kan leie og kvalitetssikre barnehagens arbeid knytt til desse fagområda. 

Fordjupinga skal styrke studentane si profesjonsfaglege utvikling. Praksis inngår som ein integrert del av emnet. 

Emneplanen bygger på gjeldande Nasjonale retningslinjer for barnehagelærarutdanning. Kunnskapsbasen byggjer på faga norsk, matematikk og pedagogikk.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten

  • har god kunnskap om språk og språkarbeid knytt til høgtlesing, tidleg skriving og variert tekstpraksis, matematisk utforsking, dialog og leik, også i fleirspråklege perspektiv
  • har kunnskap om profesjonstenking som kvalifisering, sosialisering og subjektivering for å møte barnehagelærerprofesjonen sine politiske og ideologiske utfordringar
  • har kunnskap om matematikk som eit kreativt og estetisk fag både innomhus og utandørs
  • har kunnskap om korleis barndom blir tematisert i eit utval samtidslitteratur for vaksne
  • har kunnskap om born si danning av  identitet, og kjønnsperspektiv i ljos av fagområda
  • har kunnskap om og innsikt i pedagogisk prosjektarbeid saman med born
  • har god kunnskap om skjønnlitteratur og sakprosa for born, moderne tekst- og mediekulturar og sjangrar frå munnlege forteljartradisjonar, inkludert samiske og fleirkulturelle perspektiv
  • har profesjonsfagleg digital kompetanse
  • har god kunnskap om overgangen barnehage-skule

 

Ferdigheiter

Studenten

  • kan kartleggje og organisere eit inkluderande og stimulerande læringsmiljø for matematisk utvikling og litterasitet 
  • kan vurdere bruk av kartleggingsverktøy og pedagogiske program samt materiell ut frå eit profesjonelt og kritisk perspektiv 
  • kan leie pedagogisk prosjektarbeid for å utvikle born si matematiske, litterære og språklege kompetanse 
  • kan bruke og vurdere digitale verktøy for å bidra til born og personale si læring 
  • kan formidle og vurdere, eit breitt utval tekster for born 
  • kan tilretteleggje for god overgang mellom barnehage-skule med vekt på barnehagen sin eigenart 

 

Generell kompetanse

Studenten

  • kan kritisk vurdere eiga leiarrolle og fagleg didaktisk arbeid
  • kan fungere som ein ressursperson som bidrar til å heve den faglege kvaliteten i barnehagen sitt språk-, matematikk- og litteraturmiljø
  • meistrar kommunikasjon med born, føresette, personale og eksterne samarbeidspartar
  • har ei sjølvstendig, kritisk og reflektert forståing av barnehagelærarprofesjonen si særstilling og utfordring i samfunnet i dag

Krav til forkunnskapar

STM101/102 må vere greidd før studentar kan begynne på fordjupinga.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga vil veksle mellom lærarstyrt klasseromundervisning og varierte studentaktive læringsformer og praksis. Innhaldet i undervisninga blir rekna som pensum, og dannar grunnlag for arbeid med ulike oppgåver, munnlege og skriftlege, på høgskulen og i praksis. Studentane må rekna at deler av undervisninga er obligatorisk. Dette kan til dømes vere undervisningsøkter med gruppediskusjonar, oppgåveskriving eller framlegg. Oversikt over dei obligatoriske læringsaktivitetane blir gitt ved semesterstart. Frammøte til desse læringsaktivitetane er å rekne som godkjent, og fråvær blir å rekna som ikkje godkjent.

Det kan bli lagt inn ein ekskursjon i nærområdet. Studentane vil til dømes besøke barnehagar, skular og sentrale kulturinstitusjonar. Studentane må dekke reisekostnader her. Det blir utarbeidd eit studierelevant program for ekskursjonen.

Det er mogleg å søkje om kompensatorisk arbeidskrav.

Dersom undervisninga blir digital skal studentane vere synlege i det digitale rommet.

 PRAKSIS

Leiing av barn og barnehage

Studenten skal i tredje studieår utvikle evne til pedagogisk leiing og leiing av endrings- og utviklingsprosessar i barnehagen og vise at pedagogisk leiing inneber profesjonsetisk medvit. Studenten skal fokusere både på eigen yrkesidentitet og barnehagen sitt samfunnsmandat og kunne reflektere over dette. Studenten skal utvikle ulike sider ved barnehagelærarrolla, som å:

  • stå fram som barnehagelærar og kunne reflektere rundt ulike sider ved profesjonsutøvinga generelt og fordjupinga spesielt
  • auke sin generelle pedagogiske leiarkompetanse
  • kunne leggje til rette for eit miljø som fremjer leik

Leiardagane (minimum fem) skal gjennomførast i løpet av heile praksisperioden (haust og vår), og må ha fokus på desse områda i vurderinga av studenten.

Obligatorisk læringsaktivitet

Dei obligatoriske læringsaktivitetane er knytte til emnet sine læringsutbytte.

Emnet har fem obligatoriske læringsaktivitetar. Gjennom dei to første læringsaktivitetane skal studentane vise sjølvstendig, kritisk og reflektert forståing av barnehagelærerprofesjonen. Gjennom dei to neste (3, og 4) læringsaktivitetane skal studenten vise fagkompetanse knytt til språk og/eller litteratur og matematikk. 

  1. Retorikkverksted: Med utgangspunkt i tema frå fordjupinga, skal studentane planleggje, gjennomføre og vurdere ein individuell munnleg presentasjon innanfor verkstadpedagogikken sine arbeidsmåtar.
  2. Ein skriftleg læringsaktivitet i gruppe. Prosjektarbeidet skal planleggast og gjennomførast i praksis.   
  3. Ein individuell skriftleg læringsaktivitet knytt til litteratur og/ eller språkutvikling.  
  4. Ein digital læringsaktivitet i gruppe knytt til matematikk.  
  5. Godkjent obligatorisk deltaking. 

Vurderingsform

Individuell munnleg eksamen

Kandidaten presenterer prosjektarbeidet, med påfølgande fagleg samtale. Munnleg eksamen varer  inntil 30 min.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Kandidaten kan ta med det som trengs til presentasjon av prosjektarbeidet

Meir om hjelpemiddel