Hopp til innhald

BKUF203 Tverrfagleg kunstproduksjon

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Emnet har som mål å gje kandidaten erfaring i tverrfagleg prosjektarbeid og metode gjennom medverknad i eit større formidlingsprosjekt knytt til Falturiltufestivalen på Stord. I forbindelse med emnet vil aktivitetane i stor grad vere kopla opp mot arbeidet med ein scenisk produksjon frå idé til ferdig produkt. Gjennom arbeid med scenografi, formidling, estetisk og tverrfagleg arbeid, skal kandidaten få reiskapar til å førebu, gjennomføre, vurdere og reflektere over tverrfaglege og performative praksisar.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskapar om tverrfagleg arbeid som metode
  • har kunnskapar om kunstnarlege element innan arbeid med sceniske produksjonar
  • har kunnskapar om leiing av kreative og estetiske læreprosessar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan arbeide med kunstfaglege uttrykksmåtar i ei scenisk forestilling
  • kan reflektere over eiga rolle i ein tverrfagleg kunstnarleg produksjon
  • kan jobbe både sjølvstendig og samarbeide i grupper
  • kan ivareta og utnytte faga sin eigenart i ein tverrfagleg kunstproduksjon

Generell kompetanse

Studenten

  • får erfaringar knyttet til utvikling og gjennomføring av tverrfagleg prosjekt frå ide til fullført resultat
  • får erfaring med å arbeide skapande og kreativt
  • kan anvende kunnskapar om kreative prosessar i arbeid med prosjektarbeid i kunstfaga

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga er samlingsbasert og nettstøtta. Arbeidsformene i emnet vekslar mellom gruppearbeid, forelesingar, praktisk arbeid, rettleiing, studentframlegg og bruk av nettbaserte ressursar.

Obligatorisk læringsaktivitet

  1. Utforme og presentere ein visuell og auditiv installasjon i grupper
  2. Levere eit refleksjonsnotat om det tverrfaglege prosjektarbeidet og eiga rolle (1000 ord)
  3. Obligatorisk deltaking i undervisning og rettleiing på samlingar og på nett, minimum 80%.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.

Vurderingsform

  • Del 1: Praktisk gruppeeksamen. Vekting 60 % av endeleg karakter.
  • Del 2: Oppgåve i form av ein individuell refleksjonstekst knytt til praktisk gruppeeksamen. Vekting 40 % av endeleg karakter.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Begge delane må vere bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen takast opp att åleine.

Det er mogeleg å levere forbetra versjon av oppgåva i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny oppgåve.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatne.

Meir om hjelpemiddel