Hopp til innhald

BKUF205 Teknologi i kunstfaga

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Teknologi i kunstfaga skal gje ei innføring i relevante teknologiske og digitale verktøy for kunstfaga. Arbeidsmåtane og verktøya kan inkludere digitalt lyd- og bildearbeid, foto- og videobehandling, animasjon og medieproduksjon, virtual reality (VR) og kunstig intelligens (KI). Etter ei innføring i eit utval teknologiske/digitale verktøy, kan studentane velje å fordjupe seg i nokre av desse. Opphavsrett, kjeldekritikk, og etisk og digital dømmekraft vil vere sentrale tema i studentane si utforskande og praktiske bruk av verktøya.

Det vert både individuelle oppgåver og gruppearbeid, og studentane vert oppmoda til å vurdere og rettleie kvarandre i løpet av emnet.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har grunnleggande kunnskap om eit utval teknologiske og digitale verktøy for arbeid i kunstfaga
  • har god kunnskap om nokre teknologiske og digitale verktøy knytt til eige kunstfagleg arbeid i emnet
  • forstår korleis digital teknologi kan takast i bruk i eigen faglege praksis

Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte ulike teknologiske- og digitale verktøy i arbeid med kunst- og kunstformidling
  • kan presentere og formidle ein bodskap digitalt
  • syner god etisk og digital dømmekraft

Generell kompetanse

Studenten

  • har kjennskap til problemstillingar knytt til opphavsrett
  • kan grunngje eigne val knytt til kunstfaglege prosessar
  • kan arbeide sjølvstendig og i grupper
  • har evne til å kritisk vurdere og gje tilbakemelding på eige og andre sitt arbeid

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga er samlingsbasert og nettstøtta. Arbeidsformene i emnet vekslar mellom praktisk arbeid, forelesingar, rettleiing, gruppearbeid, studentframlegg og bruk av nettbaserte ressursar.

Obligatorisk læringsaktivitet

  1. To presentasjonar av eige arbeid i idéfase og undervegs i prosessen
  2. Innlevering av øvingsoppgåver i bruk av ulike teknologiske og digitale verktøy
  3. Godkjent obligatorisk deltaking i undervisning og rettleiing på samlingar og på nett, minimum 80%.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.

Vurderingsform

Mappe.

Eksamen består av tematisk forbundne skriftlege og praktiske mappeelement som blir vurdert som ein heilskap.

Karakterskala A-F, der F tilsvarar ikkje bestått.

Ved ikkje bestått kan det leverast forbetra versjon av mappa til ny eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatne.

Meir om hjelpemiddel