Hopp til innhald

BKUF302 Anvendt kunstfag

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Anvendt kunstfag handlar om kva som skjer når kunst blir tatt i bruk i ulike samanhengar og korleis kunsten kan nyttast i ulike kontekstar. Kva rolle spelar kunst i samfunn, i daglegliv og i relasjonar? Korleis kan kunstnarisk praksis gje nye perspektiv og arbeidsformer på tvers av disiplinar og felt? I anvendt kunstfag ser ein på kunstnariske prosessar som relasjonelle og kritiske, der kandidaten anten i samspel med materialar og omgjevnader, eller også med andre menneskje, skal bruke kunst for å tilføre noko nytt, endre, eller utvikle ein kontekst.

I emnet vil ein fokusere på både ei teoretisk og praktisk tilnærming til kunstfaglege verksemder, slik som utvikling, gjennomføring og vurdering av relasjonelle, estetiske arbeid.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om relasjonell estetikk
  • har grunnleggande kunnskap om kunstfaga si rolle i samfunnet
  • har kunnskap om å utvikle, leie og vurdere kunstfaglege prosjekt

Ferdigheiter

Studenten

  • kan anvende kunnskap frå sitt valte fagområde i tverrfaglege og stadsspesifikke prosjekt
  • kan anvende kunstfaglege uttrykk for å skape relasjonell endring eller utvikling i ein konkret kontekst
  • kan reflektere kritisk rundt utvikling og gjennomføring i relasjonelle kunstprosessar

Generell kompetanse

Studenten

  • kan bidra til nytenking og innovasjon innan varierte kontekstar
  • har kunnskap om kva potensiale kunstuttrykk har for å adressere, utfordre og skape relasjonelle og kritiske endringar i samfunnet
  • kan drøfte og reflektere over problemstillingar knytt til bruk av kunst i ulike kontekstar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga er samlingsbasert og nettstøtta. Arbeidsformene i emnet vekslar mellom gruppearbeid, forelesingar, praktisk arbeid, rettleiing, studentframlegg og bruk av nettbaserte ressursar.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Levere skriftleg prosjektplan for individuelt arbeid med anvendt kunstfag til rettleiing
  • Munnleg presentasjon av prosessen rundt utforming og utføring av prosjektet til medstudentar og faglærarar
  • Godkjent obligatorisk deltaking i undervisning og rettleiing på samlingar og på nett, minimum 80%.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.

Vurderingsform

Munnleg eksamen, 30 minutt.

Munnleg og multimodal presentasjon av gjennomført prosjekt med påfølgjande samtale med sensorane.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen hjelpemiddel

Meir om hjelpemiddel