FE411 Energisystem
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Nasjonale energisystem består vanlegvis av innanlands ressursutvinning og prosessering, energikonvertering og distribusjon, samt tenester med behov for energi. I dette kurset vil samspelet mellom dei ulike energisystemkomponentane, fleksibilitet i energisystemet og energiomstillinga handterast. Det er utfordrande å integrere variable fornybare energikjelder (VRE) som vind og sol i det tradisjonelle nettet. Dersom fleire VRE blir integrerte i systemet, krev det framtidige energisystemet derfor meir fleksibel produksjon og bruk av energi. I dette kurset får studentane utforske disse samanhengane gjennom modellbasert systemanalyse.
Kurset gir også eit oversyn over ein deregulert elektrisitetsmarknad som NordPool elektrisitetsmarknad, samt elektrisitetsproduksjon, overføring og distribusjon i Norge.
Læringsutbytte
Kunnskap
- Studentane vil utvikla kunnskap om det grunnleggande konseptet energisystemanalyse og bruken av energisystemmodellar.
- Studentane vil utvikla kunnskap om den generelle funksjonen til ein deregulert kraftmarknad og rolla sentrale energiteknologiar har i integrering av variable fornybare energikjelder i det tradisjonelle nettet.
- Studentane vil utvikla kunnskap om dei grunnleggande metodane for kort- og langsiktig energiplanlegging.
- Studentane vil utvikla kunnskap om samspelet mellom kraft-, varme- og transportsektorane og den horisontale og vertikale koplinga av ulike energivarer og teknologiar i eit nasjonalt/regionalt energisystem.
- Studentane vil utvikla kunnskap om dei grunnleggande økonomiske prinsippa for investeringsavgjerder i eit optimalt energisystem.
- Studentane vil utvikla kunnskap om å skriva ein velstrukturert og organisert vitskapleg energisystemanalyserapport.
Ferdigheiter
- Studentane vil utvikla energisystemmodellar for regionale og nasjonale energisystem.
- Studentane skal kunna designa alternative energisystem basert på lokalt tilgjengelege ressursar.
- Studentane skal utvikla evner knytt til problemformulering og energisystemoptimalisering.
- Studenten skal utvikla ein velstrukturert og organisert vitskapleg energisystemanalyserapport.
- Studentane skal kunna modellera og optimera drifta av kraftvarmeverk i eit fjernvarmeanlegg.
- Studentane skal kunna modellera og optimera integreringa av variable fornybare energikjelder i kraftnettet.
Kompetanse
- Studentane skal utvikla kompetanse til å beskriva hovudkomponentane i eit energisystem, som kraft, oppvarming og kjøling og transportsektorar.
- Studentane skal utvikla kompetanse til å beskriva dei tekno-økonomiske parametrane til eit energisystem.
- Studentane skal utvikla kompetanse til å utvikla energisystemmodellar for eit regionalt og nasjonalt energisystem.
- Studentane skal utvikla kompetanse i å utvikla spesifikke «brukarcases» for å utforska synergiar i energisystemet.
- Studentane skal utvikla kompetanse i å formidla vitskaplege resultat til ulike publikumsgrupper ved hjelp av rapportar og munnlege presentasjonar.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
FE405, FE407, MA415, og FE409
Undervisnings- og læringsformer
Undervisningsforma består av førelesingar og klasseøvingar om modellering og optimalisering.
Vurderingsform
Mappevurdering
Mappa består av fem gruppebaserte prosjektoppgåver. Oppgåvene inkluderer utvikling av energisystemmodellar, optimalisering og analyse av spesifikke oppgåver skreddarsydd mot sjølve målet med kurset.
Mappa blir vurdert med karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått
Ved ikkje bestått, kan det leverast forbetra versjon av mappa til ny eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel