ID3-222 Førebyggande fysisk aktivitet

Emneplan for studieåret 2020/2021

På grunn av Covid-19 kan det skje endringar i emneplanar ved HVL hausten 2020. Endringar i den enkelte emneplanen vert publisert i Studentweb og Canvas, og når det er publisert endringar for eit emne der er det desse som gjeld, og ikkje emneplanen på nettsidene. Døme på endringar kan vere gjennomføring av praksis, eksamenstype, eller om det skal setjast bokstavkarakter eller bestått/ikkje bestått.

Innhald og oppbygging

Emnet skal gjennom teoretiske forelesningar, praktiske timar, gruppearbeid, praktiske kurs og praksis gje ein introduksjon til feltet førebyggande fysisk aktivitet/aktivitetsmedisin.

Studentane skal ved avslutta emne vite korleis ein ved bruk av fysisk aktivitet kan førebygge og fremme helse generelt, men spesielt med tanke på førebygging og behandling av psykiske lidelsar, metabolske lidelsar, kreft, lungelidelsar, smertetilstandar og spiseforstyrringar.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten 

  • har kunnskap om aktuelle livsstilssjukdommar
  • har kunnskap om kommunikasjonsverktøy til gjennomføring av motiverande intervju
  • har kunnskap om korleis fysisk aktivitet kan brukast som primær, sekundær og tertiær førebygging for dei einskilde livsstilssjukdommane
  • har innsikt i forskinga som ligg til grunn for val av treningsmetodar, aktivitetstypar og dosering av aktivitet innanfor dei aktuelle sjukdommane

Ferdigheiter

Studenten

  • kan planlegge, tilrettelegge og gjennomføre fysisk aktivitet for personar ulike sjukdommar og lidingar
  • kan rettleie i endring av vaner og kan gjøre seg nytte av metoden motiverande intervju
  • kjenner til og kan gjennomføre helseprofilvurdering og lungelab

Generell kompetanse

Studenten

  • har grunnleggande forståing for samanhengane mellom fysisk aktivitet og helse i befolkningen, spesielt opp mot livsstilsrelaterte diagnosar
  • har erfaring med praktisk arbeid på innan førebygging, behandling og rehabilitering

Krav til forkunnskapar

Fullført første år av bachelorgraden Idrett, fysisk aktivitet og helse, årsstudium idrett, årsstudium PT eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er teoretisk og praktisk innretta med førelesningar og individuelt arbeid. Det vert lagt opp til obligatoriske læringsaktivitetar knytt til gruppearbeid, praktiske økter i treningsstudio, treningssal, utandørs og i laboratorium, praksis, førelesingar frå praksisfeltet/pasienterfaringar samt framleggings- og innleveringsoppgåver for at studentane kan ta ei aktiv rolle i læringsprosessen.

Det er to praksisperiodar i emnet:

a) Tre veker samanhengande yrkespraksis innan førebygging, behandling eller rehabilitering

b) Treningssenterpraksis med fokus på instruktørrolla, arbeidsmengde tilsvarande ei veke

Arbeidskrav

For å ha rett til å ta eksamen må alle arbeidskrava vera godkjent. Det er obligatorisk frammøte og krav om aktiv deltaking frå studenten i undervisning med obligatoriske læringsaktivitetar som gruppearbeid og -framlegging, laboratorieøvingar, førelesingar frå praksisfeltet/pasienterfaringar, praktiske timar og praksis. Disse læringsaktivitetane er knytt opp mot læringsutbytte om å kunne vise grunnleggande forståing for samanhengane mellom fysisk aktivitet og helse i befolkninga, kunne planlegge, tilrettelegge og gjennomføre fysisk aktivitet for personar ulike sjukdommar og lidingar, og å kunne gjennomføre ulike typer labtestar.

  • For yrkespraksis er det krav om godkjent praksis, praksisrapport og deltaking på praksisseminar
  • For treningssenterpraksis er det krav om godkjent praksis, gruppeoppgåver og eit individuelt arbeid
  • Godkjent labkurs og labrapport

Vurderingsform

Munnleg, individuell eksamen, med gradert karakter (A-F), der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • ID3-211 (1) - Aktivitetsmedisin - Reduksjon: 15 studiepoeng