Hopp til innhald

LUPEKI101 Danning og akademisk handverk

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet skal utvikle studentane sin kunnskap om ulike profesjonar og fag si forståing av og refleksjon over kunnskap og etikk. Dette vert sett i høve til utdanning og berekraft for å fremja perspektiv og teoriar som aukar forståinga av globaliseringa i samtida og gir grunnlag for å meistre samansette uføresette utfordringar. Emnet bidreg til å stimulere studenten til å vere aktiv og nysgjerrig, til å ta ansvar for eiga læring og til å utvikle evna til nyskaping.

Danning seier noko om korleis personlegdom, oppførsel og moral til eit menneske formast i eit samfunn. Menneskets evne til å forma seg og la seg forma med utgangspunkt i kunnskap, haldningar og åtferd hjelper mennesket å leva på ein meiningsfull måte i og med verda. Danning er det som tillèt det siviliserte, berekraftige og frie samfunnet å eksistere og gjer det mogleg å takle den historiske situasjonen.

Utdanning byggjer menneske og samfunn. Utdanning er mennesket si tileigning av kunnskap, ferdigheiter og evner, ein viktig del av danninga som set mennesket i stand til å delta i eit samfunn i endring.

Berekraft-omgrepet omfattar eit bevaringsperspektiv, men har også i seg ønskje om nyskaping og utvikling. Berekrafta står på tre likestilte pilarar: økologisk berekraft, økonomisk berekraft (til dette høyrer likeverd) og sosio-kulturell berekraft (inkludert global sosial rettferd).

Emnet går i det første semesteret av studiet og skjer i samspel med studentar og fagleg tilsette. Innføringsemnet har ein felles del som utgjer 5 studiepoeng og ein spesifikk utdanningsdel som til vanleg er på 2,5 eller 5 studiepoeng. Fellesdelen og utdanningsdelen i emnet utgjer ei integrert eining i undervisninga.

I Lærarutdanning i praktisk-estetiske fag for trinn 1-13 (LUPE) har emnet eit omfang på 15 sp.

Innhaldet i emnet er: etikk, vitskapsteori, vitskaplege metodar, berekraft, akademisk skriving, informasjonskompetanse, kjeldebruk, kommunikasjon, samarbeid og profesjonshistorie.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • kjenner til hovudlinjene i diskusjonen om berekraftig utvikling i det globale samfunnet
  • har kunnskap om vitskaplege arbeidsmetodar og forskingsbasert kunnskap
  • har kunnskap om relevansen av profesjonell kompetanse og om forholdet mellom teori og praksis i eigen profesjon eller i eige fagområde
  • har kunnskap om forholdet mellom profesjonell kompetanse, arbeidsliv og samfunn i samtid og fortid
  • har kunnskap om kommunikasjon og samarbeid
  • har kunnskap om etikk

Ferdigheiter

Studenten

  • kan reflektere over sentrale problemstillingar innanfor eige fagområde og innanfor vitskapane generelt
  • kan identifisere og reflektere over sentrale etiske problemstillingar og dilemma
  • kan finne, vurdere og bruke ulike kunnskapskjelder og digitale verktøy i eiga kunnskapsbygging
  • kan utvikle, revidere og ferdigstille ein fagleg tekst som tilfredsstiller dei akademiske krava

Generell kompetanse

Studenten

  • kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver som strekker seg over tid, både åleine og som deltakar i ei gruppe
  • kan formidle sentralt fagstoff og diskusjonar om berekraft og vere kritisk til eige fagområde og til vitskapane generelt

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Det vert nytta studentaktive læringsformer og ein omvendt klasserompedagogikk med digitale ressursar i emnet i Canvas.

Undervisnings- og læringsformene vil variere mellom ressursforelesningar og aktivitetar som fremjar refleksjon og gruppetilhøyrsle. Studentane får rettleiing.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende før studenten får framstille seg til eksamen i emnet:

  • Individuelt refleksjonsnotat knytt til berekraft og eigen profesjon eller eige fagområde (lengde på notatet må definerast av studieprogramansvarleg i tråd med emneomfang).
  • Digitalt kurs i informasjonskompetanse for å kunne finne, vurdere og bruke ulike kunnskapskjelder og digitale verktøy i eiga kunnskapsbygging.
  • Deltaking i gruppearbeid med rettleiing knytt til å kunne formidle sentralt fagstoff, diskusjonar om berekraft samt refleksjon omkring eige fagområde og til vitskapane generelt.

Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjent, skal det bli gitt skriftleg tilbakemelding om dette. Studentar som ikkje får godkjent ein eller fleire læringsaktivitetar får tilbod om å rette opp feil og manglar (1 gang) eller gjennomføre alternativ læringsaktivitet gitt av faglærar. Datoen for nytt forsøk må være i gjeldande semester og innan gitte fristar, men seinast tre veker før eksamensperioden byrjar.

Vurderingsform

Skriftleg gruppeoppgåve, omfang 3000 ord +/- 10%.

Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.

Dersom oppgåva ikkje er bestått, er det mogeleg å levere omarbeidd versjon i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny oppgåve.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate. For informasjon om bruk av kunstig intelligens (KI) sjå Innlevering av heimeeksamen og oppgåver - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no).

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • NABP1003 - Danning og akademisk handverk - Sjømannskap - Reduksjon: 5 studiepoeng