MDIP503 Didaktiske praksisar
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Sentrale undervisningstema:
Generell didaktikk, styringsdokument, utdanningspolitikk og sentrale satsingsområde
Temaet skal gi inngåande historisk og systematisk overblikk over didaktiske tradisjonar, teoriar og modellar. Det vert lagt til rette for inngåande studie i korleis didaktisk kunnskap - i forhold til både utdanningssystemet, skulen som institusjon og som undervisning - blir utvikla og brukt. Særtrekk og samanhengar mellom generell didaktikk og ulik fag- eller emnedidaktikk vert gjennomgått. Temaet diskuterer vidare utdanningspolitiske og økonomiske styringsinstrument (policy). Det vert vist kva konsekvensar dette kan ha for undervisnings- og opplæringspraksis.
Didaktisk læreplanarbeid - læraren i møte med eleven
Temaet tak opp praktisk didaktisk læreplanarbeid på ulike nivå i utdanningssystemet. Samanhengar mellom individs danning og kunnskapsområde som t.d. spesifikk fagkunnskap blir gjennomgått. Praktisk tilnærming til fagdidaktiske modellar og teoriar i studiet vil legge grunnlag for at studenten skal kunne arbeide med læring og kunnskapsformidling med mål om å kunne skape ein her og nå didaktikk. Temaet tar vidare opp korleis individuelt tilpassa undervisning, læringsmål og medverknad kan gi praktisk relevans for elevar på ulike kunnskaps- og ferdigheitsnivå. Organisering og implementering av fagfornyinga med påfølgjande endringar av undervisningsformer vil være bærebjelken i dette arbeidet
Didaktikk i eit praktisk elevperspektiv
Temaet vil særleg krinse rundt elevane og deira føresetnader for å kunne vere sjølvstendige og kritisk kunnskapsorienterte i læringsarbeidet. Djupnelæring vil stå sentralt i praktisk gjennomgang og utprøving av moglege undervisningsopplegg. Temaet vil og ha vekt på elevmedverknad, læringsglede og korleis det kan arbeidast med utgangspunkt i læreplanverkets generelle del og fagas overordna og fagspesifikke del. Vurdering for læring med design for observasjon og ferdigheitsvurdering kjem til uttrykk gjennom praktisk studentarbeid. Temaet vil ta opp praktiske læringssituasjonar der studentane får høve til å observere og vurdere eiga og andre si undervisning i sine ulike fag. Studentane får høve til å gjennomføre undervisning med utgangspunkt i generelle og eigendefinerte faglege formål med undervisninga. Studentane skal kunne gi tilbakemeldingar på medstudentane sine val gjennom refleksjon av eiga planlagd undervisning og refleksjon av presentert kunnskap og ferdigheiter.
Læringsutbytte
Etter fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har innsikt i didaktiske tradisjonar, teoriar og modellar
- har kunnskap om korleis styringsideologi gir føringar for didaktisk praksis
- har avansert kunnskap om individuelt tilpassa undervisning, vurdering for læring og kunnskapsformidling for elevar med ulike læringsføresetnader og læringsmål
- har inngåande innsikt i betydninga av elevmedverknad og etablering av læringsglede
- har avansert kunnskap om læreplananalyse og implementering av fagfornyinga og læreplanverket sin overordna del
Ferdigheiter
Studenten
- kan forklare og gi eksempel på didaktisk læreplanarbeid og i samarbeid med praksiselevar omarbeide kompetansemål til elevtilpassa læringsmål
- kan bruke kunnskap om fagfornying til å utvikle og legge til rette for folkehelse og livsmeistring, demokratisk medborgarskap og medverknad, og pedagogisk berekraftig utvikling
- kan analysere, ta i bruk og vurdere pedagogisk og forskingsbasert kunnskap til å analysere og drøfte faglege problemstillingar
- kan forklare og gi eksempel på samanhengar og særtrekk ved generell didaktikk og fag- eller emnedidaktikk
- kan analysere, planlegge og gjennomføre undervisningssekvensar i arbeid med rettleiing og vurdering for læring i eit profesjonsfellesskap
Generell kompetanse:
Studenten
- kan kritisk og reflektert drøfte og vurdere ulike didaktiske tradisjonar, teoriar og modeller
- kan analysere, diskuterer og vurdere kva som fører til barn- og unges danning og læring
- kan bidra til relevant forskingsbasert og utviklingsorientert formidling og anvende sin kunnskap i innovasjon knytt til fagfornyinga
- kan vere ein aktiv pådrivar for implementering av fagfornyelsen ved å kunne gjennomføre og drøfte læreplananalysar
- kan gi kritiske og reflekterte kommentarar til medstudentar sine kunnskapar, ferdigheiter i undervisningsplanlegging
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Undervisninga er samlingsbasert og vil føregå som førelesingar, seminar og rettleiing. Den vil veksle mellom undervisning og studentaktive læringsformer. Nærare presiseringar kjem fram av semesterplanen.
Obligatorisk læringsaktivitet
Studentane skal gjennomføre tre obligatoriske læringsaktivitetar (OLA) som vil vektlegge prosessbasert læring og utvikling. Følgande obligatoriske læringsaktivitar må være godkjende av faglærar før studenten kan framstille seg til eksamen:
- Munnleg presentasjon av eit didaktisk tema (skisse/ disposisjon skal leverast på førehand). Munnleg medstudentvurdering. Obligatorisk frammøte i studentseminar ved campus Bergen.
- Skriftleg oppgåve om eit didaktisk tema (2000 ORD +/- 10%). Medstudentvurdering.
- Refleksjonsnotat (1000 ord (+/-10%).
Læringsaktivitetane vurderast til godkjent/ikkje godkjent. Dersom ein læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjent, skal det gis skriftleg tilbakemelding om dette. Studentar som ikkje får godkjent ein eller fleire læringsaktivitet får tilbod om å rette opp feil og manglar (1 gang) eller gjennomføre alternativt læringsaktivitet gitt av faglærar. Datoen for nytt forsøk må være i gjeldande semester og innan gitte fristar, men seinast tre veker før eksamensperioden byrjar.
Utfyllande retningsliner for obligatoriske læringsaktivitetar vil bli presenterte ved oppstart.
Vurderingsform
Mappe med resultata frå dei tre obligatoriske læringsaktivitetane. Skriftleg oppgåve frå OLA 2 vert utvida med 1000 ord før levering i mappa.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Dersom mappa vert vurdert til ikkje bestått, skal det leverast ei omarbeida mappe til ny eksamen i påfølgjande semester.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatt.
Meir om hjelpemiddel