ME6-1000 Matematikk for økonomar

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Innhald

  • Grunnleggande algebra, inkludert løysing av ulikskapar, likningar og system av likningar.
  • Analyse av éin-variabel funksjonar som polynomfunksjonar, rasjonale funksjonar, eksponentialfunksjonar, logaritmiske funksjonar og kombinasjonar av desse. Denne analysen skal femne: nullpunkt, asymptotar, grenseverdiar, kontinuitet, derivasjon (inkludert implisitt derivasjon), ekstremverdiproblem og elastisitet.
  • Analyse av ulike funksjonstyper av fleire variablar, inkludert Cobb-Douglas-funksjonar og funksjonar med eksponensial- og logaritmeelement. Denne analysen omfattar det å finne og klassifisere stasjonære punkt, å finne maksimum og minimum for eit avgrensa område, å finne maksimum og minimum under sidevilkår, inkludert bruk av Lagranges metode.
  • Analyse av aritmetiske og geometriske rekker, konvergens og sum av geometriske rekker.
  • Analyse og utrekningar innan finansmatematikk, inkludert annuitetar, nedbetaling av lån, oppsparingsannuitetar og noverdi.
  • Innføring i grunnleggande integralrekning for dei einvariabel funksjonstypane som inngår i kurset.

Læringsutbytte

Kunnskapar:

Studenten skal

  • forstå funksjonsomgrepet
  • forstå omgrepa den deriverte, det bestemde og det ubestemde integralet
  • forstå korleis ein finn og bestemmer ekstremal- og vendepunkt av både algebraiske funksjonar og eksponensial- og logaritmefunksjonar
  • forstå skilnaden på optimering med og utan sidevilkår
  • forstå at betalingsstraumane knytt til eit serielån følgjer ei aritmetisk rekke
  • forstå at betalingsstraumane knytt til eit annuitetslån følgjer ei geometrisk rekke

 

Ferdigheitar:

Studentane skal

  • løyse oppgåver med ulike typar funksjonar, til dømes lineære, kvadratiske, potensfunksjonar, logaritmefunksjonar, eksponensialfunksjonar og funksjonar med fleire variablar
  • løyse likningar og ulikskapar der funksjonsformene ovanfor er med
  • kunne derivere ulike typar funksjonar, også samansette funksjonar, og gjennomføre funksjonsanalyse
  • kunne løyse oppgåver knytt til geometriske og aritmetiske rekker, som til dømes å finne avdrag, renter og terminsummar for serie- og annuitetslån
  • kunne utføre betinga optimering av funksjonar med to variablar ved bruk av Lagrange sin metode

 

Generell kompetanse:

Studenten kan

  • nytta kunnskapen og dugleiken i matematikk til betre å forstå andre fag.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og oppgåveseminar

Arbeidskrav

Ingen

Vurderingsform

To eksamenar:

Ein skriftleg skuleeksamen på 4 timar. Tel 30% av den samla karakteren på emnet.

Ein skriftleg slutteksamen på 4 timar. Tel 70% av den samla karakteren på emnet.

Bokstavkarakter. Kandidaten må ha greidd begge eksamenane for å få godkjent emnet.

Ved stryk på ein av deleksamenane treng studenten berre å ta oppatt denne deleksamenen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle skrivne og trykte, og kalkulator

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • BØA111 (1) - Matematikk for økonomer - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • ØKB1020 (1) - Matematikk - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • MA6-100 (1) - Matematikk - Reduksjon: 5,5 studiepoeng