Hopp til innhald

MGBKH503 Kunst og handverk 3, emne 3 - Estetikk i praksis og teori

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet skal gje studentane ei utvida innsikt ,der teori knytt til erfaringslæring og estetiske læringsprosessar er viktig. Emnet innehelder praktisk undersøkande og teoretisk reflekterande metodar i skapande arbeid. Studentane skal tileigne seg kunnskap om kunst og handverk også forstått som ein fleirkulturell praksis i grunnskulen, og bevisstgjera seg si rolle som verdiformidlarar.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • er fortruleg med undersøkande og erfaringsbasert kunnskap og kan kople dette til både nasjonal og internasjonal relevant kunstfagdidaktisk praksis og teori i kunst og handverksfaget
  • har avansert kunnskap om estetiske læreprosessar
  • har kunnskap om kunst som erkjenningsform og læraren si rolle som kulturformidlar
  • har kunnskap om fou-baserte tenkjesett og strategiar for problemløysing i møtet med elevar sitt og eige skapande arbeid
  • har inngåande kunnskap om fagrelevante skapande og estetiske estetikkforankra arbeidsformer sett i samanheng med barne- og ungdomskultur

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysere og vurdere læreprosessar innan skapande arbeid i kunst og handverk og bruke fagspesifikke omgrep og perspektiv
  • kan arbeide med praktiske utprøvingar og eksperimentering i ulike materiale og kan anvende teori til å reflektere over og vurdere eigne arbeidsprosessar i faget.
  • kan sette erfaring frå eige skapande arbeid i samanheng med fagområdet i skule og samfunn
  • kan formidle og uttrykke seg gjennom eit utval av faget sine material og medium

Generell kompetanse

Studenten

  • kan bruke strategiar og metodar for kunstfagdidaktisk arbeid individuelt og saman med andre
  • kan gjennom eige utforskande og skapande arbeid bidra til nytenking og utviklingsarbeid innanfor og på tvers av faglege samanhengar
  • kan anvende og gjera greie for eigen erfaring med estetiske læreprosessar og legge til rette for elevars læring gjennom slike læreprosessar i tverrfaglege kontekstar.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Fullført syklus 1 i GLU 1-7 med 60 studiepoeng i kunst og handverk, av det ei 7,5 studiepoengs fou-oppgåve som skal vere bestått.

Undervisnings- og læringsformer

I Vestlandsklassa foregår det ei felles nettbasert formidling av teori til alle campus, medan det praktiske arbeidet er knytt til fysisk oppmøte på campusane.

Undervisninga er fou-basert og varierer mellom felles forelesningar og møtepunkt på digitale plattformer, fysisk arbeid i samlingar på campusar, forutan veiledning og studiar av teori frå eit nasjonalt og internasjonalt nivå, både individuelt og i grupper.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Det krevjast aktiv deltaking på obligatoriske læringsaktivitetar, slik dei er definert på læringsplattform
  • Det krevjast gjennomføring av obligatoriske læringsaktivitetar i form av skriftlege og munnlege presentasjonar individuelt og gruppevis.

Obligatoriske læringsaktivitetar må være gjennomført til fastsette fristar og godkjend før ein kan avlegge eksamen.

Godkjende aktivitetar er gyldig i to semester etter godkjenning.

Vurderingsform

Vurderingsmappe.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Ved ikkje bestått skal det leverast ei omarbeida vurderingsmappe til ny eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel