MGBNOS301 Norsk 2, emne 1 - Språk, kultur og litteratur 1
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Norsk 2 emne 1 - Språk, kultur og litteratur 1 (MGBNOS301) bygger på Norsk 1 begynnaropplæringa (MGBNOS101) og Norsk 1 mellomsteget (MGBNOS201).
Emnet ligg i 3. studieår, 2. semester og går parallelt med Norsk 2 emne 2 - Språk, kultur og litteratur 2 (MGBNOS401).
Emnet gir historisk bakgrunn og meir omfattande kunnskap om sentrale språklege emne, djupare innsikt i fagdidaktiske spørsmål i norskundervisninga, og betre fagleg grunnlag for arbeid med læringsfremjande vurdering og tilpassa norskopplæring for alle elevar. Studentane får også gode høve til å vidareutvikle sine eigne språkferdigheiter og sin eigen tekstkompetanse og formidlingsevne.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har brei kunnskap om språkdidaktiske tilnærmingar og språkteoretiske perspektiv
- har omfattande kunnskap om språkleg variasjon, norsk som første- og andrespråk og norsk i eit internasjonalt kontrastivt perspektiv
- har kunnskap om språkhistorie, språklege endringsprosessar i eldre og nyare tid og gjeldande normering av nynorsk og bokmål
- har kjennskap til nasjonale minoritetsspråk og nabospråk
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruke grammatikk- og språkkunnskap i analyse av munnlege, skriftlege og multimodale tekstar
- kan gi tilpassa opplæring for minoritetselevar med varierande ferdigheiter i munnleg og skriftleg norsk
- kan lese, tolke og reflektere over akademiske fagtekstar på norsk, skandinaviske språk og engelsk
- kan skrive akademiske fagtekstar på nynorsk og bokmål
Generell kompetanse
Studenten
- har innsikt i skulefaget sin historie og eigenart som språk-, kultur- og danningsfag
- kjenner til norskdidaktisk forsking og utviklingsarbeid og kan drøfte forskingshistoriske problemstillingar
- kan formidle fagstoff om språk, tekstar og medium i relevante uttrykksformer
- kan planlegge, gjennomføre og vurdere fagleg og tverrfagleg utviklingsarbeid på trinn 1-7 i samarbeid med andre
- kan sjå faget i samanheng med dei fagovergripande tema fleirkultur, estetiske læringsprosessar og bærekraft
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Norsk 2 emne 1 - Språk, kultur og litteratur 1 (MGBNOS301) bygger på Norsk 1 begynnaropplæringa (MGBNOS101) og Norsk 1 mellomsteget (MGBNOS201).
Undervisnings- og læringsformer
Studentane skal vere både mottakarar, aktive deltakarar, samtalepartnarar, rettleiarar for medstudentar og observatørar i klasserommet. Emnet har varierte arbeidsformer og obligatoriske læringsaktivitetar som bidreg til å realisere ein lærande, aktiv og nærverande student. Arbeidsformene vil vere forelesingar, rettleiingar, studentframlegg, utveksling av røynsler og fagleg arbeid i større og mindre grupper. Studentane skal vidareutvikle evna til å lese og skrive akademiske tekstar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Studentane har to obligatoriske læringsaktivitetar i emnet. Minst ein av dei er munnleg og minst ein av læringsaktivitetane skal vere knytt til forskingsmetode. Ein av dei obligatoriske læringsaktivitetane i emnet skal knytast til fagovergripande tema slik dei står skildra i studieprogramplanen. Oppgåvetekst og formelle krav vert delt ut ved semesterstart.
Alle obligatoriske læringsaktivitetar må vere utført og godkjent for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Studentar som ikkje består ein obligatorisk læringsaktivitet får eitt (1) nytt leveringsforsøk same semester, innan ein frist sett av faglærar.
Vurderingsform
Studenten skal skrive FoU-oppgåve enten i emne MGBNOS301 eller MGBNOS401.
Dersom studenten skriv FoU-oppgåve i gjeldande emne, MGBNOS301, er eksamen denne:
- Individuell eller parvis skriftleg FoU-oppgåve og munnleg eksamen. Oppgåva skal vere profesjonsretta. Målform: Valfri. Vekting: Oppgåve 50 % og munnleg eksamen 50 %. Karakterskala: A-F, der F svarar til ikkje bestått. Begge delar må være bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen som ikkje er bestått bli tatt som ny eksamen. Det er mogeleg å levere forbetra versjon (FoU-oppgåve) i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny FoU-oppgåve.
Dersom studenten skriv FoU-oppgåve i emne MGBNOS401, er eksamen i gjeldande emne, MGBNOS301, denne:
- Mappevurdering av to tekstar og munnleg eksamen. Målform: Bokmål og nynorsk. Vekting: Oppgåve 50 % og munnleg eksamen 50 %. Karakterskala: A-F, der F svarar til ikkje bestått. Begge delar må være bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen som ikkje er bestått bli tatt som ny eksamen. Ved ikkje bestått mappevurdering kan det leverast forbetra versjon av mappa til ny eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
- FoU-oppgåve: Alle hjelpemiddel er tillate. For informasjon om bruk av kunstig intelligens (KI) sjå Innlevering av heimeeksamen og oppgåver - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no).
- Mappevurdering: Alle hjelpemiddel er tillate. For informasjon om bruk av kunstig intelligens (KI) sjå Innlevering av heimeeksamen og oppgåver - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no).
- Munnleg eksamen: Ingen hjelpemiddel