MGUNO401 Norsk på ungdomssteget 2: Språkmangfald og tekstmangfald

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Lærarutdanningsfaget norsk er eit samansett og mangfaldig språk-, kultur- og litteraturfag og ein praksisarena for kvalifisert arbeid med språk og tekstar - i ulike sjangrar og modalitetar, frå fortid og samtid.

Norsk på ungdomssteget 2 er andre del av Norsk 2 for GLU 5-10. Norsk på ungdomssteget 2 kvalifiserer saman med emnet Norsk for mellomsteget 1 til norskundervisning på mellom- og ungdomssteget.

Sentralt i Norsk for ungdomssteget 2 står språkleg mangfald gjennom innsikt i talemålsvariasjon, sosiolektar og fleirspråklegheit, og tekstleg mangfald gjennom fokus på multimodale tekstar, ulike medium og retoriske strategiar. Norsk 2 gir også meir djupare innsikt i aktuelle fagdidaktiske spørsmål og eit betre grunnlag for arbeidet med læringsfremjande vurdering tilpassa norskopplæring for alle elevar. Gjennom arbeid med språk og tekstar får studentane godt høve til å vidareutvikle eigne språkferdigheiter, eigen tekstkompetanse og eiga formidlingsevne.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

  • har kunnskap om relevante språkteoretiske og språkdidaktiske omgrep og perspektiv
  • har god innsikt i talemålsvariasjonen i moderne norsk på historisk og dialektologisk grunnlag og har kjennskap til språk som ungdom brukar
  • har kunnskap om fleirspråklegheit, fleirspråkleg praksis og om det å lære norsk som eit andrespråk og har kunnskap om andre nordiske språk, også samisk.
  • har utvida innsikt i korleis elevar på ungdomssteget kan vidareutvikle skriveferdigheitene sine
  • har kjennskap til samansette tekstar, historikken til og teoriar om desse, har kunnskapar om retorikk i munnlege og skriftlege tekstar i tradisjonelle og moderne medium
  • har kunnskap om vitskapsteoretiske problemstillingar innanfor norskdidaktisk forsking og inngåande kunnskap om det valte FOU-fordjupingsemnet

Ferdigheiter

  • kan bruke kunnskap om talemål og skriftspråksnormering i skriveopplæringa
  • kan leggje til rette og gjennomføre undervisning for elevar med norsk som andrespråk
  • kan setje i gang, rettleie og vurdere skriftleg og samansett tekstproduksjon hos elevar på ungdomssteget, kan formulere relevante kriterium for vurdering og grunngi karakterane ein set
  • kan sjølv bruke og kan rettleie elevar i bruk av kjeldemateriale
  • kan vurdere læringsressursar kritisk
  • kan analysera relevant forsking, har gode ferdigheiter i akademisk skriving og kan analysera og formidla eit samansett fagstoff på ein overtydande måte

Generell kompetanse

  • kan rettleie elevar i arbeidet med språkleg mangfald og tekstmangfald slik at dei kan utvikle seg sjølve, skaffe seg kunnskapar og førebu seg for aktiv deltaking i offentlege rom og samfunnet som eit heile
  • kan sjå faget i eit større danningsperspektiv og undervisninga som ein del av opplæringa i eit aktivt deltakardemokrati
  • kan vurdere norskfaget og eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane
  • kan planleggje, gjennomføre og vurdere fagleg og tverrfagleg utviklingsarbeid

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga vil veksle mellom lærarstyrt klasseromsundervisning og varierte studentaktive læringsformer. Innhaldet i undervisninga blir rekna som pensum, og dannar grunnlag for arbeid med ulike oppgåver, munnlege og skriftlege, på høgskulen og i praksis. Undervisninga er obligatorisk.

Arbeidskrav

2 oppgåver, 1 skriftleg og 1 munnleg knytt til vitskapleg tekstproduksjon.

I tillegg er 80 prosent frammøte eit obligatorisk arbeidskrav.

Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunna melde seg opp til eksamen.

Vurderingsform

Deleksamen, med ein heimeeksamen og ei FoU-oppgåve/semesteroppgåve.

  • Heimeeksamen, 3 dagar (vekting 50 %)
  • Studentar som tar dette emnet som del av fag 1, skal skrive ei FoU-oppgåve. FoU-oppgåva er eit sjølvstendig, forskingsbasert skriftleg arbeid der studenten skal svare på ei valt problemstilling som er relevant for profesjonsutdanninga. Oppgåva skal skrivast i samarbeid med pedagogikk og elevkunnskap, jf. "Studieprogramplan for grunnskolelærarutdanning trinn 5-10". (Vekting 50 %)
  • Studentar som tar dette emnet som del av fag 2 og studentar i 4-årig GLU, skal skrive ei semesteroppgåve. Semesteroppgåva er eit sjølvstendig, forskingsbasert skriftleg arbeid der studenten skal svare på ei valt problemstilling som er relevant for profesjonsutdanninga. (Vekting 50%)

Både fagleg innhald og språkleg utforming vert vurdert.

Begge delar må være greidd for å få karakter i emnet. Ved ikkje greidd på ein av delane, kan den delen som ikkje er greidd bli tatt som ny eksamen.

Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel