PL462 Naturrestaurering
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet omhandlar restaurering av natur, med hovudfokus på dei semi-naturlege naturtypane (kulturmarkstypane), i tillegg til innføring i viktige forvaltningsprinsipp og virkemiddel for å ta vare på verdifullt kulturlandskap. Emnet startar med ei innføring i grunnprinsippa for økologisk restaurering av natur. Studentane får ei oversikt dei ulike typane kulturmark, regionale variasjonar, og metodar for restaurering og skjøtsel. Studentane får også kunnskap om korleis ein kan utnytte kulturlandskapsverdiane i arealplanlegging og etablering av nye grøne areal.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten skal
ha kunnskap om hovudprinsippa for restaurering av natur
ha kunnskap om variasjonen i kulturmarkstypar som er forma gjennom tradisjonell landbruksdrift
ha kunnskap om metodar for skjøtsel og restaurering av semi-naturlege naturtypar
ha kunnskap om forvaltninga av og virkemiddel for å ta vare på det tradisjonelle kulturlandskapet
Ferdigheiter
Studenten skal
kunne kjenne igjen ulike kulturmarkstypar og vite kva og skjøtselsmetodar som kreves for oppretthalde desse
kunne forstå og vurdere planar for skjøtsel og restaurering av semi-naturlege naturtypar og kulturlandskap
Generell kompetanse
Studenten skal
ha forståing for verdiane som finst i det tradisjonelle kulturlandskapet, og kvifor det er viktig å ta vare på eller restaurere dei semi-naturlege naturtypane.
kunne utnytte kulturlandskapsverdiane i planleggingssamanheng
Krav til forkunnskapar
Nei
Tilrådde forkunnskapar
PL 471 Kulturminneforvaltning
BI 434 Vegetasjonsøkologi
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, videopresentasjonar, øvingsoppgåver og ekskursjonar
Obligatorisk læringsaktivitet
Godkjent prosjektrapport
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen, 4 timar.
Karakterskala: A-F.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- PL461 - Kulturlandskapsskjøtsel - Reduksjon: 10 studiepoeng