SAB120 Sosialt arbeid som fag og profesjon
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
I dette emnet skal studentane tileigne seg kunnskap om sosialt arbeid og sosiale problem, og korleis sosiale problem kan oppstå og prege kvardagen til brukarar.
Studentane får møte profesjonsutøvarar og brukarorganisasjonar for å få kjennskap til både profesjon, og praksisfelt og brukarane si oppleving av velferdstenestene.
Studentane skal reflektere over eiga rolle og kunnskapsbehov, og arbeide i grupper. Studentane skal få innføring i grunnleggjande kommunikasjon.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha fylgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap: Studenten…
- kjenner til sosialt arbeid sitt teorigrunnlag og metodar som rettar seg mot individ, familiar, grupper og samfunn.
- har kunnskap om fagområdet sin historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet.
- kjenner til teoretiske perspektiv, erfarings- og brukarkunnskap i sosialt arbeid.
- kjenner til kunnskap om korleis sosiale problem oppstår og utviklar seg i ein samfunnsmessig samanheng, nasjonalt og internasjonalt.
Ferdigheiter: Studenten…
- kan finne, vurdere og vise til relevant informasjon og fagstoff og framstille dette både munnleg og skriftleg.
- kan meistre grunnleggande ferdigheitar i kommunikasjon- og relasjonskompetanse.
Generell kompetanse: Studenten…
- kjenner til menneskesyn, etikk og verdiar i sosialt arbeid
- kjenner til menneske sine ulike utgangspunkt og sårbarheit, verdiar og levemåte
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
I dette emnet vert studentaktive arbeidsformer vektlagd. Det vert nytta studentaktive læringsformer i form av litteraturstudium, førelesningar, praksisbesøk, ferdigheitstrening i relasjon- og kommunikasjonskompetanse, individuelt arbeid og gruppearbeid. Studenten skal og tileigne seg ulike teoretiske referanserammer for korleis forstå sosiale problem og sosialt arbeid som profesjon. Undervisningen kan foregå både ved fysisk oppmøte og gjennom digitale plattformer.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgende obligatorisk læringsaktivitet må være godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:
- Obligatorisk deltaking på seminar i Kommunikasjon- og relasjonskompetanse. Krav om minimum 80% deltaking.
- Deltakelse i metodeundervisning og forberedelser, gjennomføring av og bearbeiding av intervju med tjenester og brukerorganisasjoner. Krav om minimum 80% deltaking.
Vurderingsform
Muntlig eksamen Gruppefremlegg fra intervju med praksisfeltet. Varighet ca. 30 minutter pr. gruppe. Obligatorisk oppmøte på alle gruppenes presentasjoner ved eksamen.
Vurderingsuttrykk Bestått / ikkje bestått
Tid for eksamen, sjå Studentweb.
Ny eksamen Ny eksamen blir gjennomført med same form som ordinær eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- BSO102 - Kva er sosialt arbeid og sosiale problem? - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
- SOS5-106 - Sosialt arbeid - grunnlagskunnskap - Reduksjon: 7,5 studiepoeng