BØA201 Norsk økonomisk og teknologisk historie frå 1800 til vår eiga tid

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Emnet gir studentane grunnlag for å forstå og evne til å forklara Noregs økonomiske og teknologiske utvikling gjennom meir enn 200 år, frå etableringa av den nye nasjonalstaten i det nye Europa og fram til dagens globale kunnskapssamfunn. 

Emnet er planlagt som valfritt emne i samfunnsøkonomi på bachelor-utdanning i økonomi og administrasjon, og andre økonomisk-administrative utdanningar ved Høgskulen på Vestlandet. Emnet vert tilbydd på campus i Sogndal og med tilbod om digital undervisning til campus i Bergen og Haugesund. 

Emnet teiknar hovudliner i Noregs økonomiske og teknologiske historie frå 1800 og fram til vår eiga tid. Teknologi, teknologisk endring og innovasjon si rolle i den økonomiske utviklinga i ulike historiske fasar vert fokusert og problematisert. Utviklinga vert plassert innanfor ramma av nasjonal økonomisk politikk og internasjonal økonomi. Noregs geografiske og naturgjevne særtrekk vert drøfta opp mot den historiske utviklinga av norsk økonomisk politikk gjennom 200 år. Landets økonomiske og teknologiske utviking, frå den nye nasjonalstatens etablering til det globale kunnskapssamfunnet, vert underøkt. Perioden vert delt inn i fem tidsbolkar:

·       1800 - 1870

·       1870 - 1920

·       1920 - 1945

·       1945 -1990

·       Frå 1990 til vår eiga tid

Innanfor kvar tidsbolk vert  økonomisk vekst, økonomiske kriser og teknologisk endring søkt forstått og forklart. Nye næringar og nye revolusjonerande og formande teknologiar si rolle vert sett i lyset av døme frå regional og nasjonal historie og samtid, og med perspektiv frå økonomisk teori. Utviklinga av "den norske modellen" vert kontrastert mot utviklingstrekk i andre land.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studentane opparbeider seg kunnskap om

·       Teori om økonomisk vekst og teknologisk utvikling

·       Empiri om økonomisk vekst og økonomiske kriser

·       Empiri om utviklinga av økonomisk politikk og nasjonale institusjonar

·       Empiri om utviklinga av nye næringar og nye teknologiar si rolle i den økonomiske utviklinga

·       Empiri om utviklinga av sambanda regional, nasjonal og internasjonal økonomisk utvikling

 

Ferdigheiter

Studentane er i stand til å

·       Drøfta årsaker til økonomisk vekst i ulike tidsperiodar

·       Drøfta verknader av økonomiske kriser og ulike tiltak som førte ut av krisa i ulike historiske fasar

·       Drøfta økonomiske og teknologiske årsaker til svingingar i økonomien

·       Drøfta den økonomiske og teknologiske utviklinga i Noreg frå 1800 til i dag

·       Utføra sjølvstendig analyse av økonomisk og teknologisk endring, deira årsaker og konsekvensar.

·       Forstå og forklara kva som særmerkjer norsk økonomisk og teknologisk utvikling i jamføring med andre land.

 

Generell kompetanse

Studentane opparbeider seg kompetanse til å

·       Kommunisera med fagpersonar og ikkje-fagpersonar om økonomisk og teknologisk historie

·       Nytta kunnskapen på ulike historiske og dagsaktuelle problemstillingar i norsk økonomi

·       Utøva sjølvstendig refleksjon i spørsmål om økonomisk og teknologisk endring

Krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse. 

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Plenumsførelesingar, seminar, skriftleg oppgåve.

Arbeidskrav

Munnleg presentasjon av artikkel eller kapittel i plenum.

Innlevering av skriftleg oppgåve.

Arbeidskrava må vera godkjende for å få gå opp til eksamen.

Vurderingsform

5 timars skriftleg, individuell skuleeksamen.