EL2-306 Elkraft fordjupning

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Kurset skal gje ei innføring i

  1. Elektriske forhold knytt til elektriske kretsar
  2. Anleggsoppbygging for forskjellige typar kraftverk med spesiell vekt på vasskraftverk og vindkraftverk
  3. Konsesjonsprosessar
  4. Teknisk/økonomisk berekningar av prosjekt for fremming av ny energi
  5. Kortslutnings- og lastflytberekningar
  6. Forskrifter for forsyningsanlegg med tilhøyrande normer og standarar
  7. Enkle hydrauliske berekningar for vasskraftverk
  8. HMS

Læringsutbytte

Kunnskap:

Studenten 

  1. har generelt kunnskap om kraftsystem, grunnleggjande elektriske kretsar og magnetiske forhold i dei elektriske kretsane
  2. har brei kunnskap om forskjellige energiformer med spesiell vekt på vasskraft og vindkraft
  3. har kjennskap til HMS i planlegging og gjennomføring av elkraftprosjekt og i den etterfølgjande driftsfasen av fornybare energianlegg
  4. har kjennskap til konsesjonsprosessar
  5. kjenner  teknisk/økonomiske berekningar av prosjekt knytt opp mot fornybar energi
  6. grunnleggjande forståing for kortslutningsberekningar og lastflytberekningar
  7. har kunnskap om nett-tariffar og korleis desse påverka fremming av prosjekt for fornybar energi
  8. kjenner og forstår "Forskrift om elektriske forsyningsanlegg" med tilhøyrande normer

Ferdigheiter

Studenten kan

  1. beskrive i grove trekk forskjellige typar energiproduserande anlegg med opplisting av viktige hovudkomponentar med tilhøyrande virkemåte
  2. setta opp detaljerte tekniske krav med visning til gjeldande forskrifter, normer og standarar
  3. setta opp flyt-diagram med beskriving som visar konsesjonsprosessane ved enkle prosjekt for å fremma fornybar energi
  4. setta opp og berekne i grove trekk teknisk/økonomisk berekningar for prosjekt knytt opp mot fornybar energi
  5. foreta detaljerte kortslutnings- og lastflytberekningar med eigna programvare og foreta enkle overslagsberekningar for kontroll
  6. foreta enkle hydrauliske berekningar knytt opp mot vasskraftanlegg

Krav til forkunnskapar

Byggjer på Grunnleggjande elektro, Matematikk 1 og 2, Energiproduksjon og energidistribusjon, Elektriske maskiner og Høgspenningsanlegg eller tilsvarande.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, presentasjon og rekneøvingar.

Arbeidskrav

1 godkjend gruppepresentasjon

Vurderingsform

Skriftleg eksamen, 4t. (60%) . Karakterskala A-F.

Mappe (40%) 3 element med lik vekting (2 innleveringar og 1 prøve), karakterskala A-F.

Både eksamen og mappe må vere greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Enkel kalkulator ihht godkjent liste, formelark

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • EL2-303 (1) - Elkraft fordjupning - Reduksjon: 10 studiepoeng