EVL-PROG201 Programmering for lærarar 2

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Emnet tek opp problemløysing og algoritmisk tenking, og skal gi kunnskap og innsikt i ulike teknologiar, og korleis ein kan ta programmering i bruk i læringsarbeid. Emnet skal vera praktisk retta, og legg mellom anna vekt på utprøving i eigen undervisningspraksis.

Følgjande tema vil bli vektlagt:

  • Forståing av digital teknologi basert på problemløysing, algoritmisk tenking, programmering og styring
  • Kreativ programmering og design
  • Tekstbasert programmering
  • Dokumentasjon og vurdering
  • Styring av teknologi
  • Modellering
  • Praksisorientert med utprøving i eigen praksis

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten

  • har brei kunnskap om tekstbasert programmering og om oppbygging av dataprogram
  • har utvida kunnskap om struktureringsprinsipp
  • kjenner til forsknings- og utviklingsarbeid relatert til teknologi og programmering
  • har generell kunnskap om digital teknologi og samanhengen mellom programvare og maskinvare

Ferdigheter

Studenten

  • kan laga enkle dataprogram med tekstbasert programmeringsspråk
  • kan analysera og reflektera over bruk av teknologi og programmering
  • kan vurdera elevar sitt arbeid med algoritmisk tenking og programmering
  • kan bruka fagleg kunnskap, teori og resultat frå forskings- og utviklingsarbeid knytt til teknologi og programmering, på ein fagleg integrert måte i undervisning
  • kan bruka digital teknologi og læringsressursar som ramme for utvikling av elevane sin kreativitet, innovasjon, problemløysingsevne, algoritmiske tankegang og entreprenørskap

Generell kompetanse

Studenten

  • kan dokumentera og forklara programkode
  • kan formidla sentralt fagstoff, teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg, og utveksla synspunkt og erfaringar med andre med bakgrunn innan fagområdet og gjennom dette bidra til utvikling av god bruk av teknologi og programmering i klasserommet
  • kan bidra til rett bruk og gjenbruk av kode og andre innhaldselement

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Emnet er heilt nettbasert. Opplegget inneheld førelesingar, rettleiing, nettdiskusjonar, nettbaserte ressursar, øvingsoppgåver og arbeid med mappeelement. Faglærarar og studentar samarbeider via læringsplattform (Canvas). Arbeidskrav vil inngå i arbeidet med emnet.

Praktisk informasjon om emnet: Eigen Micro:Bit, webkamera og mikrofon tilknytta datamaskinen er eit krav.

Arbeidskrav

Studenten må ha gjennomført 60% av øvingsoppgåvene.

Vurderingsform

Mappe (individuell): Vurderingsform med rettleiing undervegs der karakteren blir fastsett på grunnlag av innleveringar som kan etterprøvast og blir samla i ei mappe. Innhaldet kan samlast over tid og må vera fullført til fastsett frist. Mappevurderinga er bygd opp som ei samla mappevurdering.

Mappa blir vurdert med gradert karakter A-F.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel