ID3-207 Friluftslivspedagogikk

Emneplan for studieåret 2020/2021

På grunn av Covid-19 kan det skje endringar i emneplanar ved HVL hausten 2020. Endringar i den enkelte emneplanen vert publisert i Studentweb og Canvas, og når det er publisert endringar for eit emne der er det desse som gjeld, og ikkje emneplanen på nettsidene. Døme på endringar kan vere gjennomføring av praksis, eksamenstype, eller om det skal setjast bokstavkarakter eller bestått/ikkje bestått.

Innhald og oppbygging

Emnet er delt inn i tre delar:

  • Barn og uteskule
  • Friluftslivsvegleiing
  • Gruppe og sikkerheit

Barn og uteskule omhandlar relasjonar mellom barn og natur, læreplanar i skuleverket og korleis ein integrerer ulike skulefag i friluftsliv.

Friluftslivsvegleiing omhandlar vegleiarrolla, læring og leiing gjennom planlegging, gjennomføring og evaluering av turar i natur med ulike grupper.

Gruppe og sikkerheit omhandlar gruppeprosessar, risikovurdering (HMS) og sikkerheit knytt til vegleiing i natur.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om natumiljøet som arena for uteskule med grunnlag i læreplanverka
  • har kunnskap om barns friluftsliv og naturens betydning for barns utvikling og leik
  • har kunnskap om planlegging, gjennomføring og evaluering av aktivitetar i naturen for ulike grupper
  • har kunnskap om pedagogisk teori og didaktiske modellar relatert til friluftsliv
  • har kunnskap om gruppedynamikk og helse miljø og sikkeheit (HMS) knytt til vegleiing i friluftsliv
  • har kunnskap om skriving av fagtekstar og beherskar gjeldande normer for akademisk arbeid

Ferdigheiter

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre og evaluere aktivitetar i naturen for ulike grupper
  • kan bruke natumiljøet som arena for uteskule med grunnlag i læreplanverka
  • kan redegjøre for barns friluftsliv og naturens betydning for barns utvikling og leik
  • kan nytte pedagogisk teori og didaktiske modellar relatert til vegleiing i friluftsliv
  • kan redegjøre for gruppedynamikk og helse miljø og sikkehet (HMS) knytt til vegleiinig i friluftsliv
  • kan skrive fagtekstar og beherske gjeldande normer for akademisk arbeid

Generell kompetanse

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre og reflektere over pedagogisk praksis for ulike grupper i friluftsliv

Krav til forkunnskapar

Fullført 1.år bachelor idrett eller anna relevant utdanning.

Tilrådde forkunnskapar

Vere førebudd på overnatting ute og kunne bere eget utstyr på ekskursjonar.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er teoretisk og praktisk innretta med førelesningar og individuelt arbeid, samt obligatoriske læringsaktivitetar knytt til gruppearbeid, studentpresentasjonar, ekskursjonar og praktiske øvingar for at studentane kan ta ei aktiv rolle i læringsprosessen. Lærestoffet skal så langt som råd bli integrert og erfart i den praktiske undervisninga. Fagblogg blir brukt i samband med ekskursjonar.  

Ekskursjonar:

  • Uteskule i felt, to - tre dagar
  • Eigenferd, tre dagar (ansvar B3 studentar)
  • Friluftsliv i skogen, to dagar med vegleiar, tre dagar på eigenhand

Arbeidskrav

For å ha rett til å ta eksamen må alle arbeidskrava vera godkjent. Det er obligatorisk frammøte og krav om aktiv deltaking frå studenten i undervisning med obligatoriske læringsaktivitetar. Disse læringsaktivitetane er knytt opp mot læringsutbytte om uteskule som arena for å jobbe med læreplanverka, didaktiske modellar relatert til friluftsliv og skriving av fagtekstar.

  • Godkjent planlegging, gjennomføring og evaluering av ekskursjonar
  • Tre godkjente fagblogginnlegg

I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav.

Vurderingsform

Individuell mappe. Gradert karakter (A - F).                                                                                              Eksamen er delt i tre mapper der alle tekstane må vere bestått.

Mappa skal innehalde tre faglege tekstar:

  • ein tekst i Barn og uteskule
  • ein tekst i Friluftslivsvegleiing
  • ein tekst i Gruppe og sikkerheit

Ved karakter F (ny eksamen) leverer studenten ny mappe (alle tekstane). Det er anledning til å arbeide vidare med tidlegare leverte tekstar.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • ID3-207 (2) - Friluftspedagogikk - Reduksjon: 15 studiepoeng
  • ID3-207 (1) - Friluftsliv i skulen - Reduksjon: 15 studiepoeng