ID3-219 Coaching

Emneplan for studieåret 2020/2021

På grunn av Covid-19 kan det skje endringar i emneplanar ved HVL hausten 2020. Endringar i den enkelte emneplanen vert publisert i Studentweb og Canvas, og når det er publisert endringar for eit emne der er det desse som gjeld, og ikkje emneplanen på nettsidene. Døme på endringar kan vere gjennomføring av praksis, eksamenstype, eller om det skal setjast bokstavkarakter eller bestått/ikkje bestått.

Innhald og oppbygging

Emnet i coaching skal gje studentane eit grunnlag for å kunna utøva bevisst leiarskap i rolla si som lærar, trenar eller leiar. Emnet gir innsikt i leiings- og læringsteori med særleg relevans for idretts- og kroppsøvingsfeltet. Trenaren og læraren si coachingrolle som ein del av gruppedynamikken i eit praksisfellesskap er eit viktig tema. Emnet tek opp tilrettelegging av konstruktive læringssituasjonar i idrett, undervisarens kommunikasjons- og rettleiingsverksemd, samt undervisarens praksisteori, kunnskapsbase og refleksjonsarbeid.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om grunnleggjande teoriar om leiing og læring med relevans for coaching på idrettsfeltet
  • har pedagogisk kunnskapsgrunnlag som mogeleggjer bevisste idrettsdidaktiske refleksjonar og vurderingar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan tilrettelegge og variere coaching i lys av idretten sin eigenart og deltakarane sin erfaringsbakgrunn
  • kan gjennomføre og vurdere kvaliteten i coachingsamtalar

Generell kompetanse

Studenten

  • kan løfte coachingrolla til eit høgare nivå
  • kan drøfte coachingutfordringar i barne-, ungdoms- og vaksenidretten

Krav til forkunnskapar

Fullført første året av bachelorgraden Idrett og kroppsøving, årsstudium i idrett eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er teoretisk og praktisk innretta med førelesningar og individuelt arbeid, samt obligatoriske læringsaktivitetar knytt til gruppearbeid, framleggings- og innleveringsoppgåver og praktiske timar for at studentane kan ta ei aktiv rolle i læringsprosessen.

Arbeidskrav

For å ha rett til å ta eksamen må alle arbeidskrava vera godkjent. Det er obligatorisk frammøte og krav om aktiv deltaking frå studenten i undervisning med obligatoriske læringsaktivitetar. Disse læringsaktivitetane er knytt opp mot læringsutbytte om å kunne tilrettelegge og variere coaching i lys av idretten sin eigenart og deltakarane sin erfaringsbakgrunn.

  • Eit godkjent refleksjonsnotat
  • Ei godkjent gruppe utprøving av coachingdialog med skriftleg refleksjons-/vurderingsnotat
  • Ein godkjent framlegging av eitt gruppearbeid
  • Ein godkjent artikkel/essay

For studentar som har valt trenarutdanning i fotball vil arbeidskrava vera retta mot fotballfeltet.

Vurderingsform

Individuell heimeeksamen over 1 veke (7 dagar).

Studentane trekkjer oppgåve. Eksamensvaret skal vera på maks 10 sider, og arbeidet vert vurdert med graderte karakterar (A-F), der F er ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel