ID3-311 Fordjuping Friluftsliv og psykisk helse

Emnebeskriving for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Studentane skal gjennom praktisk og teoretisk innføring i pedagogisk arbeid med ulike brukargrupper innan psykisk helse kunne legge til rette for friluftsliv og friluftslivsaktivitetar. Sentralt i emnet er forsking og refleksjonar som belyser kvifor og korleis friluftsliv kan nyttast som førebygging, behandling og som kjelde til økt livskvalitet for ulike menneske.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten skal 

  • ha kunnskap om vitenskapelege studiar som har vurdert friluftsliv og friluftslivsaktivitetar som førebygging, behandling og som kjelde til økt livskvalitet for ulike menneske.
  • ha kunnskap om naturen og naturopplevinga si betyding og naturverdiar i eit helseperspektiv
  • ha kjennskap til friluftsliv i eit helseperspektiv i høve brukarar med ulike psykiske lidingar, t.d. depresjon, angst, rusmisbrukarar, kriminalomsorg og ungdom med åtferdsproblem

Ferdigheiter

Studenten skal ha ferdigheiter

  • til utøving av friluftsliv i nærmiljøet
  • til å kunne planlegge og organisere aktivitetar i friluftsliv for personar og grupper innanfor psykisk helsearbeid

Generell kompetanse

Studenten skal kunne reflektere om kvifor og korleis friluftsliv kan nyttast som terapi, rekreasjon, læring og/eller danning blant ulike brukargrupper

Krav til forkunnskapar

Fullført 1. år idrett eller barnevernspedagogar, vernepleiarar, sjukepleiarar eller anna relevant utdanning.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, gruppearbeid og individuelt arbeid. Mykje av lærestoffet skal bli integrert og erfarast i den praktiske undervisninga. Loggar vil verte brukt i samband med ekskursjonar.

Ekskursjoner:

  • Vintertur med isfiske, 3 dagar
  • Vår tur, 1 ½  dag
  • Aktivitetsdag/tur, 1-1½ dag

Arbeidskrav

  • Gjennomførte ekskursjonar og obligatorisk oppmøte til praktisk undervisning
  • Godkjenning av turloggar
  • Godkjenning av eit skriftleg individuelt arbeid

I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav.

Vurderingsform

Individuell mappeeksamen som består av fire skriftlige arbeid. Bokstavkarakter A-F

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Fagleg overlapping

  • ID3-311 (1) - Friluftsliv og psykisk helse - Reduksjon: 15 studiepoeng